Jon Olaf Lorentzen (fødd 16. november 1950)[1] er ein norsk forfattar, gjendiktar og filolog.

Jon O. Lorentzen
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. november 1950 (73 år)
Yrke Forfattar, lærar
Periode 2004-
Debut Den symmetriske tvillingen
Nettstad www.jonolorentzen.com

Lorentzen har mastergrad i spansk litteratur frå University of California.[2] Han debuterte som forfattar i 2004 med romanen Den symmetriske tvillingen, og i 2011 gav han ut romanen Café Gibraltar. Han har også gjeve ut ei bok med gjendiktingar av lyrikk av den kubanske diktaren José Martí. Bøkene hans er utgjevne av Wigestrand Forlag.

Lorentzen er busett i Egersund og underviser i språk.

Bøker

endre
  • 2004 – Den symmetriske tvillingen – Roman
  • 2011 – Café Gibraltar – Roman

Gjendiktingar

endre

Referansar

endre
  1. ««Jon O. Lorentzen (16.11.1950)»». forfatterkatalogen.no. Henta 24. februar 2013. 
  2. «Jon Olaf Lorentzen». Nettstaden til Jon O. Lorentzen. Henta 24. februar 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre