Jon Olav Alstad
Jon Olav Alstad (fødd 9. august 1968) er ein norsk politikar og byråkrat frå Skatval i Nord-Trøndelag. Han representerte Nord-Trøndelag og Arbeidarpartiet på det norske stortinget frå 1993 til 2001.[1]
Jon Olav Alstad | |||
Fødd | 9. august 1968 (56 år) Stjørdal kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, bonde, kommunikasjonsrådgiver | ||
Utdanna ved | Handelshøyskolen BI Høgskolen i Nord-Trøndelag | ||
Alle verv |
|
Etter fagbrev ved Stjørdal videregående skole arbeidde han frå 1987 som maskinoperatør ved Dynoplast på Stjørdalshalsen. Elles studerte han økonomiske fag ved Bedriftsøkonomisk Institutt og Høgskolen i Nord-Trøndelag.
Alstad var medlem av Stjørdal kommunestyre 1988–93. Han var med på å etablere Ungdom mot EF og leia fylkesavdelinga i Nord-Trøndelag før folkerøystinga om EU-medlemskap i 1994. Perioden 1993–2001 var han stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag, deretter 1. vararepresentant 2001–05. På stortinget var han medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen. I 2005 Alstad var med på å etablere Tankesmia. Sidan var han medlem av Stjørdal kommunestyre 2007–11. Han var styreleiar 2007–14 i Snøscooterforeningen.
Alstad dreiv frå 1995 til 2009 slektsgarden Vestre Forbord på Skatval. I 2009 fekk han jobb som politisk rådgjevar i NAF, der han 2011-16 leia politikk- og forbrukarseksjonen. Frå 2016 var han tilsett i marknadsaktøren Footprint,
Kjelder
endre- ↑ «Alstad, Jon Olav (1968–)». Stortinget. Henta 7. mai 2024.