Høgskolen i Nord-Trøndelag

Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) var ein statleg høgskule i Noreg som var verksam frå 1994 til 2016. Han vart del av Nord universitet frå 1. januar 2016.[1]

Høgskolen i Nord-Trøndelag

Grunnlagt1994
TypeStatleg høgskole
RektorSteinar Nebb
StadSteinkjer, Levanger, Namsos, Stjørdal
Studentar4 079 (2013)
Tilsette441 (2013)
Nettstadhttp://www.hint.no
ErstattarLevanger lærerhøgskole
Erstatta avNord universitet

Høgskolen vart etablert 1. august 1994 og hadde i 2006 vel 4 600 studentar og 390 tilsette. Høgskolen var eit resultat av at fire statlege høgskolar i Steinkjer, Levanger, Namsos og Stjørdal vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994.

Høgskolen i Nord-Trøndelag har til mål å vere Noregs leiande miljø innan praksisnær kompetanseutvikling for framtida. Kjerneverdiane til skulen er nærleik, openheit og sjølvstende.

Høgskolen tilbyr vel 100 fag- og profesjonsstudium innan skole, oppvekst, kultur, helse, næring og forvalting. Desse kan takast i varierande lengde frå halvårseiningar til bachelorgradar, mastergradar og einskilte doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Etter ei omorganisering i 2007, har Høgskolen fem avdelingar som følgjer:

  • Avdeling for helsefag (Namsos og Levanger)
  • Avdeling for økonomi og leiing (Levanger og Steinkjer) Levanger
  • Avdeling for landbruk og IT (Steinkjer)
  • Avdeling for lærarutdanning ()
  • Avdeling for trafikklærarutdanning (Stjørdal)

Høgskolen tilbyr internasjonalisering av studia, både ved å gje høve til å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram å utdanne seg i utlandet etter enda studium.

Leiing endre

Rektorar
Periode Namn
1994–2000 Asbjørn Folkvord
2000–2003 Knut Ingar Westeren
2003–2007 Ole Meier Kjerkol
2007–2011 Knut Arne Hovdal

Direktørar
Periode Namn
1994–1999 Tor Frigaard
1999–2001 Søren Fredrik Voie
2002–2009 Torunn Austheim
2009– Beate Aspdal

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre