Opna hovudmenyen

Jonas Anton Hielm

norsk jurist og stortingsrepresentant

Jonas Anton Hielm (30. desember 178230. mars 1848) var ein norsk jurist, regjeringsadvokat og politikar som var stortingsrepresentant frå 1830.

Jonas Anton Hielm
Jonas Anton Hielm - norwegischer Politiker.jpg
Fødd 30. desember 1782
Kristiansand
Død

30. mars 1848
Christiania

Yrke advokat, politikar
Jonas Anton Hielm på Commons

Hielm var fødd i Kristiansand. Han vart frå latinskulen i fødebyen student med laud i 1797 og juridisk kandidat 1800. I 1802 vart han kopist i generalitetskollegiet i København, frå året etter auditør ved 'det norske livregiment til fots'. I 1807 deltok han i forsvaret av København og i 1811 fekk han tittelen overauditør. I 1813 vart Hielm høgsterettsadvokat i København.

Hausten 1814 reiste Hielm tilbake til Noreg, der han same året vart høgsterettsadvokat for Noreg. 1815-16 var han konstituert dosent i lovkunne ved universitetet. I 1820 vart Hielm regjeringsadvokat. To år seinare vart han suspendert frå embetet. Til grunn for suspensjonen låg to artiklar han skreiv og fekk prenta i Nationalbladet. Innhaldet i artiklane var retta mot Christian Magnus Falsen, indirekte mot kongen. Regjeringa gjekk til sak mot utgjevaren, Hans Hielm, som var bror til Jonas Anton Hielm. For å redde broren Hans fekk Jonas Anton Hielm ein straffange ved Akershus festning, ein kjenning frå ungdomsåra, til å utgje seg som forfattar av artiklane. Broren vart likevel dømt til fengselsstraff. Jonas Anton Hielm sjølv vart suspendert som regjerings- og høgsterettsadvokat.

I den andre saka, «Profetisaka», vart broren dømt til landsforvising i under- og overretten. Da dommen var innsteva for Høgsterett, oppgav Hielm broren som den eigentlege forfattaren. I Høgsterett vart så broren frifunnen for vidare tiltale i 1823, men tiltalen mot Hielm stod fast. Ved høgsterettsdom av 13. september 1825 vart Hielm dømd til å betale ei bot på 500 spesidalar. Dermed var saka avslutta, og suspensjonen som regjerings- og høgsterettsadvokat vart heva. Regjeringa stod fast på at Hielm hadde fare uverdig åt, og ved kongeleg resolusjon 16. september 1825 vart han avsett som regjeringsadvokat. Hielm klaga saka inn for Stortinget som i 1827 løyvde han 504 spesiedalar i årleg pensjon.

Hielm var frå 1827 busett ved Moss. Han var innvald stortingsmann for Smaalenenes amt i 1830, 1833, 1836-37 og 1842. Han var også innvald i 1839, men sa då frå seg valet. På alle tinga var han medlem av Lagtinget. I 1830 var han formann i reglementskomiteen, i 1833 og 1836 av konstitusjonskomiteen. På Stortinget var han den drivande krafta i den liberale opposisjonen. I 1830 sette han fram forslag om at norske diplomatiske saker ikkje kunne førebuast eller gjennomførast av ein svensk minister, og at den norske regjeringa måtte vere representert ved handsaming av fellessaker. Forslaget fall både i 1830 og då det vart sett fram på ny i 1833. Krava vart likevel delvis imøtekomne i åra etter. Kanskje aller mest kjend er Hielm for si aktive rolle i flaggsaka, ei sak som vart gjennomført då det i 1838 kom lov om eige norsk handelsflagg på alle fartøy i utlandsfart. Til den siste saka skreiv Henrik Wergeland diktet «Jonas Anton Hjelm»:

‘‘Geni! Geni!’’ Og Det er alt
hvad Verden har om Hjelm fortalt?
– Et Raab saa prægtigt som Hæres Hil;
men huult og frostigt som tvunget Smiil.

Hielm var med å gje ut tidsskriftet Juridisk Repertorium 1818-23, og av Almindeligt norsk Maanedsskrift 1830-32.

I 1847 fekk Hielm avskjed som høyesterettsadvokat grunna sjukdom. Han døydde i Kristiania og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914