Sjå også musikaren Jonas Fjeld

Jonas Fjeld er helten i ein norsk spaningsromanserie skrive av Øvre Richter Frich frå 1911 og utover. Starten var i det små, men då Frich slo gjennom og vart kjend som forfattar vart serien veldig populær. Fjeld-serien er gjeven ut på nytt fleire gonger, sjølv om innhaldet i bøkene etterkvart har vorte meir og meir i utakt med menneskesynet og samfunnsstrøymingane for kvart år som har gått, og bøkene no er umoglege å lesa utan å reagera med både undring og lått. Hovudpersonen er nemleg så arisk at ikkje ein gong propagandaapparatet til Hitler klarte å dikta opp noko meir overmenneskeleg. Jonas Fjeld var høg som ei kjempe, sterk som ein okse, hadde blondt hår, ljos hud og blå auger. Han var lynande skarp, alltid iskald, og utdanna lækjar og kirurg. Samstundes er han eit naturtalent med våpen, sprengstoff, maskiner, fly – i det heile teke eit naturtalent for «alt», og ei drapsmaskin når villdyret vaknar.

Fiendane hans er nesten alltid utlendingar, gjerne jødar eller aller helst anarkistiske, fanatiske russarar – eller andre slavarar.

Bøker endre

Den fyrste boka, De Knyttede Næver, vart skriven i 1911. Fjelds venn, finnen Ilmari Erko, er ein dverg som hatar spesielt russarar. Han er ein genial oppfinnar som i starten av serien har funne opp eit metall som er lettare enn aluminium og sterkare enn stål, og også eit sprengstoff som sprenger utan lyd eller ljosglimt, men riv molekyla frå kvarandre. Fjeld greier å overtala han til å bruka talenta sine på kriminalitet, og saman ranar dei ein bank for rundt ein halv million kroner.

Seinare må Fjeld flykta frå familien sin sidan han trur politiet snart kjem til å ta han for ranet. Han dreg til Sør-Amerika, der han får tilnamnet «Kondoren». Etter det vert han landflyktig under dekknamnet Johnny Stone. Han finn ei kjempe-gullåre og vert svært rik på henne. Så finn han ut at politiet ikkje var ute etter han likevel, og reiser heim til kona og son sin. Han inngår anonymt ein avtale med banken han hadde rana om å returnera pengane han hadde stole, mot at banken skal gløyme saka. Det går banken med på.

Vidare slår han seg saman med den tidlegare Scotland Yard-detektiven Ralph Burns, og saman jaktar dei på hovudmedlemmene i anarkistrørslene i Europa. Desse har lenge terrorisert verda med sine svarte fly, og difor vert dei kalla «De Sorte Gribber». Heltane våre får tak i dei ved å bruke Erkos nye elektriske fly (som i tillegg til propell har flaksande vengjer). Når jakta er over let Fjeld og Erko all æra gå til Burns, som sit igjen med ein arm og eit bein mindre (sprengt av av anarkistane under jakta).

Flyvefisken, som er den femte boka i serien, skildrar ein alternativ første verdskrig. Erko har konstruert ein ubåt som kan hoppa opp av vatnet, bretta ut vengjer og propellar, og fly. Ein skjeløygd, brunhuda, svarthåra, vondskapsfull russisk anarkist (ein typisk Jonas Fjeld-skurk med andre ord) som heiter Azew, oppsøkjer Erko. Azew fortel at forholda i Europa gjer at alt ligg til rette for eit diktatorisk kupp i fleire land, kanskje til og med herredøme over verdsdelen. Difor er alle stormaktene interessert i Flyvefisken, som visstnok kan endra krigens gong. Og krigen må kome, meiner Azew. På vegne av den russiske regjeringa tilbyr han Erko to millionar rublar for maskina. Når Erko takkar nei vert Azew rasande. Han seier at då skal ingen få Flyvefisken, og fører dei to leidningane han har i handa saman, slik at bomba han har plassert ved Flyvefisken skal sprenge ubåten.

Etter at Azew vert jaga vekk brakar det laus. Russland, England og Tyskland sender alle flåtane sine mot Kristiansand, der Flyvefisken ligg i hamn. Men nordmennene har ikkje tenkt å gje seg med det fyrste. Den russiske flåten når fram fyrst, men den norske general Vogt og hans kanoner held stand. Endeleg kjem Flyvefisken til for å gjera sitt. Med Erkos kanonutskotne sprengstoff er Flyvefisken nøkkelen til den norske sigeren, sidan dei klarar å halde stand mot russarane. Dei norske artilleristillingane vert nær skotne heilt i sund, det norske flagget heng fillete i laser på stonga, men framleis står general Vogt stolt og sterk på vollen, til inspirasjon for soldatane sine. Russarane vert drevne på vill flukt tilbake til Russland.

Utdrag frå «Flyvefisken» endre

  • «For der gikk Germaneren, den blonde, høye Teutoner, den ariske Descendent av fordums kjemper. En hersker i godt, og en hersker i ondt.»
  • «Nettopp dét var typisk for Fjeld, at da han gjorde sin entré, vek mengden til side for ham, hans finder skrek i sinne over å ha møtt sin overmann mens fråden stod om munnen på dem, sikkelet føyk og øynene ble svarte og smale, fylt med ondskap.»

Bøkene om Jonas Fjeld endre

  • De knyttede næver : en storforbryders roman
  • Kondoren : en landflygtigs roman
  • Guldaaren : en eventyrers roman
  • De sorte gribbe : en forbryderroman i luften
  • Den gyldne pest : en moderne alkemistroman
  • Flyvefisken : en roman fra verdenskrigen 1921
  • Havets øine
  • I sølvlandets nat : en roman om røvere i røvernes land
  • Den røde tåke
  • Donna Francesca
  • Jorden som dreper
  • Lucifers øie : en roman om lys
  • Jacques Delmas forbannelse
  • Pans fløite
  • Slangeblomsten fra Magdala
  • De udødelige dverge
  • Lille Jonas Fjeld : gutteroman
  • Storfjellets herre
  • Nordlysets datter
  • Menneskejegerene
  • Hammerslaget

Personar og foretak som har henta namna sine frå Jonas Fjeld bøkene endre