Jonas Hesselman
Jonas Hesselman (9. april 1877–20. desember 1957) var ein svensk sivilingeniør og konstruktør. Han var bror til språkforskaren Bengt Hesselman.
Jonas Hesselman | |||
| |||
Fødd | 9. april 1877 Å församling | ||
---|---|---|---|
Død | 20. desember 1957 Nacka församling | ||
Nasjonalitet | Sverige | ||
Yrke | ingeniør, oppfinnar | ||
Alma mater | Kungliga Tekniska högskolan | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet |
I perioden 1899–1916 arbeidde Hesselman for AB Diesels Motorer (seinare Atlas Diesel, no Atlas Copco) i Sickla, der han frå 1901 var sjefskonstruktør. Han arbeidde med å vidareutvikla motoren til Rudolf Diesel og vart internasjonalt kjend som ein autoritet på dieselmotorar. I 1916 starta han for seg sjølv og presenterte i 1925 ein hybrid mellom ein forgassarmotor og ein dieselmotor. Hesselmanmotoren hadde drivstoffinnsprøyting på same vis som ein dieselmotor, men for låg kompresjon til at forbrenninga starta av seg sjølv. Motoren hadde difor tennpluggar som på ein forgassarmotor.
Jonas Hesselman konstruerte òg elektrisk utstyr til bilar og traktorar, noko som la grunnlaget for Hesselman Elhydraulik, som no heiter Haldex. I 1970 utvikla Hesselman Elhydraulik eit hydraulisk løftelem for lastebilar, som framleis har stor utbreiing.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jonas Hesselman» frå Wikipedia på svensk, den 3. november 2007.