Hesselmanmotor er ein råoljemotor med innsprøyting av drifstoffet og gnisttenning. Motoren vart utvikla av svensken Jonas Hesselman tidleg på 1920-talet og vart nytta i lastebilar.

Overhaling av Tidaholm Hesselmanmotor.

Arbeidsprinsipp endre

Hesselmanmotoren var bygd som firetaktsmotor, med om lag same kompresjonsforhold som ein bensinmotor (6 til 7). Men i staden for å tilsetta drivstoffet til innsugningslufta saug han inn rein luft og drivstoffet vart spruta direkte inn i sylinderen mot slutten av kompresjonstakta, om lag på same måte som i ein glødehovud- eller dieselmotor, der det vart blanda med luft. På grunn av det låge kompresjonsforholdet vert ikkje temperaturen høg nok til å tenna drivstoffet som i ein dieselmotor. Det vert difor sett fyr på av ein gneist frå ein elektrisk tennplugg, som i ein forgassarmotor [1].

Hesselmanmotoren arbeider med tilnærma konstant drivstoff/luft-tilhøve, som forgassarmotorar. Innsprøytingspumpa skil seg difor frå innsprøytingspumpa i ein dieselmotor, der luftmengda er konstant og det er drivstoffmengda som vert regulert[1]. For å halda brensle/luft-tilhøvet konstant har Hesselmanmotoren både eit speld i innsugningsmanifolden, som regulerer luftmengda, og variabel effektiv slaglengd på stemplet i innsprøytingspumpa. Det er viktig at innsprøytinga tek slutt rett før geisten tenner drifstoff-luftblandinga, så tidspunktet for slutten innsprøytinga er konstant og det er tidspunktet for starten på innsprøyutinga som vert regulert.

Eigenskapar endre

Hesselmanmotoren nytta råolje, som var billigare enn bensin, men verkningsgraden var lågare enn for dieselmotoren. Det var òg ein føremon at ein kunne nytta fleire typar drivstoff. På 1920- og 1930-talet var det låge kompresjonstilhøvet ein føremon, på det viset at massen kunna haldast lågare enn for ein dieselmotor med same effekt. Forbrenninga var noko ufullstendig, så tennpluggen hadde ein tendens til å sota ned.

Bruk endre

Dei svenske produsentane Scania-Vabis, Tidaholm og Volvo nytta Hesselmanmotorar i lastebilane sine på 1920- og 1930-talet. Volvo nytta Hesselmanmotorar i lastebilar heilt i 1947[2], før dei gjekk over til dieselmotorar, og i traktoren T 43, som vart produsert frå 1946 til 1950[3]. Åkerman nytta òg Hesselman-motorar i nokre av gravemaskinane sine før dei gjekk over til dieselmotorar[treng kjelde].

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Berglund, N. og Svensson, K.-Å., Traktorboken, Lantbruksförbundets tidskriftsaktiebolag, 1950.
  2. Olsson, C., Volvo lastbilarna under sextio år, Förlagshuset Norden AB, 1987.
  3. Hedell, O., Från Munktells till Valtra - en 75-årig traktorepok, LRF Media, 2000.