Jonas Ueland
Jonas Mikal Olsson Ueland (11. desember 1830–24. juli 1913) var ein gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Heskestad i Rogaland. Ole Gabriel Ueland var far hans, Gabriel Olsson Ueland ein bror.
Jonas Ueland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. desember 1830 Lund kommune |
Død |
24. juli 1913 (82 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Far | Ole Gabriel Ueland |
Ueland var frå 1852 gardbrukar på Hetland i heimbygda Heskestad. Frå 1871 til han døydde var han i tillegg lensmann i Heskestad. I årevis var han medlem av heradsstyret, forlikskommisjonen og kasserar i den lokale sparebanken.
Ueland møtte på Stortinget fyrste gongen 8. mars 1880 som 1. varamann frå Stavanger amt. Han møtte då i staden for broren Gabriel, som var permittert resten av perioden 1880-82. Frå 1883 til 1900 hadde han fast plass på Stortinget for amtet. 1880-82 var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, sekretær i same komiteen 1883-91, sidan 1891 formann i komiteen til han forlet Stortinget. Han var medlem av Lagtinget 1883-88, sekretær 1889-93, frå 1893 til -97 atter medlem. Elles var han medlem av valkomiteen frå 1886, av fullmaktskomiteen frå 1890. Han var medlem av den kongelege kommisjonen om pensjonslov av 1896.
Han døydde på garden sin i Heskestad i 1913.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Jonas Ueland NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv