Opna hovudmenyen

Gabriel Olsson Ueland (24. august 182814. april 1888) var ein lærar, lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Heskestad i Rogaland. Ole Gabriel Ueland var far hans, Jonas Ueland ein bror.

Gabriel Olsson Ueland
Fødd 24. august 1828
Lund
Død

14. april 1888
Lund

Yrke politikar

Ueland gjekk i omgangsskule og las privat hos soknepresten i Lund. Ein vinter fekk han undervisning i Christiania. Sidan var han lærar i nokre år. Deretter var han 1856-71 lensmann i Heskestad. Frå 1859 var han gardbrukar på Ueland til han døydde. Han var ordførar nokre år og medlem av forlikskommisjonen.

Ueland representerte Stavanger amtStortinget frå 1862 til 1880. Han var 1862-63 medlem av kyrkjekomite nr 1, 1865-66 av kyrkjekomiteen og frå 1868 til -74 sekretær i justiskomite nr 2. 1875-76 medlem av justiskomiteen og 1877-80 medlem av valkomiteen og av gasje- og pensjonskomiteen. Ueland var medlem av Lagtinget 1871-73 og sekretær i same 1874-79. Han var visesekretær i Lagtinget i 1880 fram til 23. februar. Grunna sjukdom vart han då permittert, og møtte ikkje sidan på Stortinget, endå om han var vald for sesjonane 1880-82.

Han døydde på garden sin i Heskestad i 1888.

KjelderEndra