Jone Blikra (fødd 11. oktober 1962) er ein politimann og politikar frå Kragerø. Han var ordførar 2015–2019 i Kragerø og frå 2022 stortingsrepresentant frå Telemark, medlem i Arbeidarpartiet. Opp til 1999 var han medlem i Høgre.

Jone Blikra
Fødd11. oktober 1962 (61 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitibetjent, politikar
Alle verv
  • ordførar i Kragerø (2015–2019)
  • vararepresentant til Stortinget (2021–) Sjå dette på Wikidata

Karriere endre

Blikra har arbeidd i politietaten, frå 1985 som lensmannsbetjent i Kragerø og 2012–2015 som lensmann i Drangedal. Gjennom fleire tiår deltok han i lokalpolitikken i Kragerø, fyrst som Høgre-mann i 1980- og 90-åra og kommunestyremedlem 1991–1999. Etter tusenårsskiftet engasjerte han seg for Arbeidarpartiet, medlem av kommunestyret frå 2003 og leiar av kommunale utval. Perioden 2015–2019 var Bilkra ordførar i Kragerø, basert på støtte frå partia MDG, SV og Raudt, lukkast ikkje behalde stillinga etter 2019-valet. Frå 2007 til 2011 var han i tillegg medlem i Telemark fylkesting. Då Terje Aasland i mars 2022 vart utnemnd til energiminister i Støre-regjeringa, rykte Blikra inn på Stortinget frå sin posisjon som varamann for Arbeidarpartiet i Telemark. Han har sete i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

Kjelder endre