Terje Lien Aasland

norsk politikar
(Omdirigert frå Terje Aasland)

Terje Lien Aasland (fødd 15. februar 1965 i Skien) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Telemark i 2005 og vald på nytt ved stortingsvalet 2009.

Terje Lien Aasland
Terje Lien Aasland - Arbeiderpartiet.jpg
Fødd15. februar 1965 (57 år)
Skien
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar

Lien har bakgrunn som energimontør og tillitsvald i fagrørsla. Frå 1982 til 1994 var Aasland lærling og seinare energimontør ved Skiensfjordens Kommunale Kraftselskap. Han er distriktssekretær i LO i Telemark, og var dessutan medlem av kommunestyret i Skien frå 1991 til 2003. Han var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet 1998-2000.

StortingskomitearEndra

  • 2005–2009: Medlem i Energi- og miljøkomiteen
  • 2009–2013: Leiar av Næringskomiteen
  • 2009–2013: Medlem i Valgkomiteen
  • 2013–2017: Første nestleiar i Energi- og miljøkomiteen
  • 2013–2017: Medlem i Valkomiteen
  • 2017–2021: Andre nestleiar i Næringskomiteen
  • 2021–2025: Leiar av Energi- og miljøkomiteen

BakgrunnsstoffEndra