Jordalen kapell ligg på Øyane i Jordalen nordaust i Voss herad i Vestland, og er eit vigsla rom i sokkeletasjen i Jordalen skule.[1] Kapellet vart vigsla til kyrkjeleg bruk i 1977, og vert drive av bygdefolket i Jordalen. Før den noverande skulen vart bygd i 1977, var gamleskulen kapellvigsla.

Jordalen kapell
Kapell
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Voss
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Oppheim
Fellesråd Voss
Innvigd 4. juni 1977[1]
Kyrkjegard Kring 300 m. sørvest for kapellet/skulen
Døypefont Frå kring 1900
Altartavle Alterskåp laga av Sjur Mørkeve og elevar frå Jordalen skule. Frå 2002.[2]
Sitjeplassar 45[3]
Kart
Jordalen kapell
60°53′04″N 6°43′21″E / 60.88444519°N 6.72249985°E / 60.88444519; 6.72249985
Jordalen kapell is located in Hordaland
Plasseringa til Jordalen kapell

Jordalen høyrer til Oppheim sokn i Hardanger og Voss prosti. Før dei fekk eige kapell reiste folk i Jordalen til Oppheim kyrkje.

Inventar endre

Altarskåpet er frå 2002 og er laga av elevar ved Jordalen skulen og treskjerar Sjur Mørkeve. Døypefonten er laga i tre og er frå kring 1900.[2]

Gravplass endre

Gravplassen i Jordalen ligg nokre hundre meter sørvest for skulen, på hi sida av Jordalselvi. På gravplassen er det eit lite bårehus/gravkapell.[4]

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 «Norges kirker: «Jordalen kapell - Bakgrunn» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning».  Vitja 1. august 2009
  2. 2,0 2,1 ««Jordalen kapell - Inventar» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning».  Vitja 1. august 2009
  3. Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Jordalen kapell». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 357. ISBN 82-7527-022-7. 
  4. «Om Jordalen kapell på nettstaden til Voss kommune».  Vitja 1. august 2009

Bakgrunnsstoff endre