Jordskjelvet i San Francisco i 1906

Jordskjelvet i San Francisco i 1906 var eit kraftig jordskjelv i San Francisco i California som fann stad tidleg om morgonen onsdag 18. april 1906. Etter jordskjelvet øydela påfølgjande brannar mesteparten av byen, også det av bygningar som hadde overlevd skjelvet. Dette jordskjelvet er kanskje det best kjende og omtaltet i historia, ved sida av jordskjelvet i Lisboa i 1755, som la Lisboa i Portugal i ruinar.

Jordskjelvet i San Francisco i 1906
jordskjelv
Dato 18. april 1906
Drepne 3 000
Kart
Jordskjelvet i San Francisco i 1906
37°45′N 122°33′W / 37.75°N 122.55°W / 37.75; -122.55
Wikimedia Commons: San Francisco earthquake of 1906

Jordskjelvet i 1906 er truleg blitt såpass mykje omtalt fordi det var den fyrste store naturkatastrofen som blei dokumentert med fotografi, samtidig som interessa for geologi og seismologi byrja å blomstra for fullt.

Det offisielle talet på døde var 700, men ein reknar i dag med at det korrekte talet er nærare 3 000, dei fleste i sentrale San Francisco, medan det blei rapportert om 198 andre stader. Av ei befolkning på 400 000 blei 225 000 heimlause.

Det fyrste førskjelvet blei registrert tidleg om morgonen klokka 05:12, 18. april 1906. Sjølve hovudskjelvet, som hadde episenter nær San Francisco by, kom dryge 20–25 sekund seinare og varte i 47 sekund. Ristingane var så kraftige at jordskjelvet kunne kjennast frå Oregon til Los Angeles, og så langt inn i landet som sentrale Nevada.

I tida etter kom det fleire sterke etterskjelv, men det som la heile byen i ruinar var alle brannane som oppstod i samband med at gassleidningar blei øydelagde og tok fyr under skjelvet. Det aller meste av vassforsyningssystemet i byen hadde naturleg nok òg brote saman, og brannvesenet stod makteslaust. Fleire brannar slo seg raskt saman og blei til store flammeinferno. Brannen øydela mesteparten av busetnaden i sentrum, ca. 500 kvartal.

General Frederick Funston fekk raskt erklært unntakstilstand, og fekk etterkvart brannane under kontroll ved å sprenga sund bygningar rundt brannane slik at flammane slutta å spreia seg.

Galleri

endre

Kjelder

endre