Jorge Olguín
Jorge Mario Olguín (fødd 17. mai 1952) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar frå Dolores i Argentina som vart verdsmeister for Argentina på heimebane i 1978 og vann Copa Libertadores 1985 med Argentinos Juniors.
Fødd | 17. mai 1952 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dolores |
Klubbspel
endreForsvarsspelaren Olguín spelte frå 1971 til 1988 på tre av storklubbane i Argentina, stort sett som midtstoppar. Han var aktiv 1971-79 på San Lorenzo, 1980-83 på Independiente og 1984-88 på Argentinos Juniors. Med alle tre klubbane var han med å vinne nasjonale eller metropole turneringar. Høgdepunktet som klubbspelar kom då Argentinos Juniors vann Copa Libertadores 1985 etter omkamp og straffeskyting mot América de Cali frå Colombia.
Landslagsspel
endreOlguín var argentinsk landslagsspelar 1976-82. Under verdsmeisterskapen 1978 på heimebane vart han nytta som høgreback, så også i finalen mot Nederland som Argentina vann 3-1 etter ekstraomgangar. Han var også jamnt i fyrsteellevaren då Fotball-VM 1982 fann stad i Spania, men etter tap mot Brasil og 60 mållause landskampar fekk han ikkje fleire oppdrag for det argentinske landslaget.
Merittar
endre- Verdsmeister: 1978 for Argentina
- Vinnar av Copa Libertadores: 1985 med Argentinos Juniors
- Nasjonal seriemeister i Argentina: 1972 og 1974 med San Lorenzo og 1985 med Argentinos Juniors
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jorge Olguín» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2018.