Jorunn Øvergård Tvedt (fødd 3. februar 1939) er ein tidlegare idrettsutøvar frå Elverum som vart nordisk meister i handball 1967 med Noregs landslag og vann tre norske meisterskap med Sørskogbygda IL. Ho var ei tid også aktiv i friidrett og tok NM-medaljar i kulestøyt.

Jorunn Tvedt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. februar 1939 (85 år)
Elverum
Idrett handball

Tvedt debuterte for Noreg sommaren 1959. I den fyrste halvdelen av 1960-åra spelte ho «en avgjørende rolle både på landslaget og klubblaget». Med landslaget vann ho medaljar i tre nordiske meisterskap på rad, siste gongen i 1967 vann Noreg meisterskapen arrangert i Danmark. Tvedt var den fyrste av kvinnelege norske handballspelarar som nådde 50 landskampar, ho spelte den 56. og siste vinteren 1970. I alt skåra ho 34 landslagsmål, dei fyrste kom i hennar 37. landskamp. Tre år på rad; 1965, 1966 og 1967, var ho sentral når Sørskogbygda vann NM-finalane i handball, i 1967 skåra ho ni av laget sine finalemål.

I 1960 vann Øvergård NM-sølv i kulestøyt med 10,75 m, to år seinare kom ho heim frå noregsmeisterskapen med bronsemedalje i same øvinga etter kula landa på 11,01 m, fattige 8 cm bak noregsmeisteren. Ho var ved desse høva fyrst medlem i Elverum IL og sist i Veldre IL.

Kjelder endre