Josef Doležal (12. desember 192028. januar 1999) var ein tsjekkisk kappgjengar frå Příbram som representerte Tsjekkoslovakia i tida 1946-60. Han vart europameister på 10 km i 1954 i Bern.

Josef Doležal
Statsborgarskap Tsjekkia, Tsjekkoslovakia
Fødd 12. desember 1920
Příbram
Død

28. januar 1999 (78 år)
Praha

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1960

Doležal tok sølvmedaljen på 50 km under Sommar-OL 1952 i Helsinki, einast italienaren Giuseppe Dordoni gjekk fortare. Under europameisterskapen i Bern i slutten av august 1954 vann Doležal 10-kilometeren med over 50 sekundars margin til andremann. Berre fire døgn etter sikra han seg sølvmedaljen på 50 km, knappe tre minuttar bakom Vladimir Ukhov frå Sovjetunionen.

Fleire gongar flytta Doležal flytta verdsrekorden på både 20 km og 50 km. Han var verdsrekordhaldar på 50 km frå 1946 til -52, og på ny frå 12. september 1954 då han presterte passerte målstreken etter 4 timar 16 minuttar og 6 sekundar i Poděbrady. Våren 1955 sette han verdsrekord på 20 km med tida 1.30.26, ein rekord han miste tre månader seinare. Den 25. juli 1956 tok han tilbake rekorden då han i Praha vart klokka inn på 1.30.00.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre