Josefine Frida

norsk skodespelar

Josefine Frida Pettersen, kjend som Josefine Frida, (fødd 18. mai 1996) er ein norsk skodespelar frå Sigdal i Viken.[1] Ho er kjend for rollen som Noora i tv-serien SkamNRK.

Josefine Frida
Fødd18. mai 1996 (28 år)
FødestadSigdal kommune
FødenamnJosefine Frida Pettersen
AliasJosefine Frida
Aktive år2014–
Verka somskodespelar

Bakgrunn og virke

endre

Pettersen gjorde TV-debut som dottera til velformannen i TVNorge-serien Neste sommer, men ho har sidan vorte kjend som Noora Amalie Sætre i dramaserien Skam. Pettersen var nominert i Gullruten 2016 i kategorien Publikumsprisen for si rolle i Skam[2].

Våren 2017 spelte Pettersen rolla som Samantha Fox i musikalen Robin Hood – Rai Rai i Sherwoodskogen ved Trøndelag Teater, og hadde ei rolle i parodispelet Slaget på Testiklestad.[3][4]

I 2019 debuterte Pettersen på filmlerretet med hovudrolle i spelefilmen Disco.[1]

Filmografi

endre
  • 2019: Disco
  • 2020: So Long Marianne

Fjernsyn

endre
  • 2014-2015: Neste sommer (tv-serie) – Dottera til velformannen[5]
  • 2015-2017: Skam (tv-serie) – Noora Amalie Sætre[6]
  • 2021: Førstegangstjenesten (tv-serie) – Aurora[7]

Teater

endre
  • 2017: Robin Hood – Rai Rai i Sherwoodskogen (musikal) – Samantha Fox
  • 2017: Slaget på Testiklestad
  • 2018: Hair (musikal)

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Talseth, Thomas (13. september 2019). «Josefine Frida dropper «Pettersen»» (på norsk). VG. Henta 3. oktober 2019. 
  2. ««Petter uteligger» vant publikumsprisen: – Jeg blir veldig rørt». VG (på norsk). 
  3. Thomas Talseth (1. november 2016). «Josefine Frida Pettersen fra «Skam» skal spille «Samantha Fox»». Verdens Gang. Henta 4. november 2016. 
  4. Rishaug, Frida (18. juli 2017). «Josefine Frida Pettersen klar for ny rolle i Trondheim». adressa.no (på norsk bokmål). 
  5. «Josefine Frida Pettersen». Internet Movie Database. Henta 4. juni 2016. 
  6. «Josefine Frida Pettersen». Internet Movie Database. Henta 4. juni 2016. 
  7. «Josefine Pettersen: – Med på guttastemningen» (på norsk bokmål). Henta 14. november 2021.