Joseph Idlout

Joseph Idlout (1912/1913-2. juni 1968)[1][2] var ein inuittisk jeger og leiar som var avbilda på den kanadiske todollar-setelen.[3][4] Under programmet kjent som High Arctic relocation, som fann stad i 1959, hjelpte Idlout inuittfamiliar å tilpassa seg det ny bustadområdet sitt i Resolute i Nordvestterritoria (no Nunavut).

Joseph Idlout
Joseph Idlout.jpg
Død

2. juni 1968

Idlout bad om å få flytta til Resolute i 1954 på grunn av mangel på rev i området rundt fødestaden sin Pond Inlet. Styresmaktene var opphavleg ikkje velvillige, men gav etterkvart etter, og Idlout flytta i 1955.[5]

DokumentararEndra

Idlout blei offentleg kjend gjennom dokumentarfilmen Land of the Long Day, som kom ut i 1952. På denne tida budde Idlout i Pond Inlet, og var kjend for dugleiken sin som jeger og som leirleiar. Merksemda kring filmen gjorde at han blei kalla den mest kjende inuitten i si tid.[6][7][8]

Han blei også skildra posthumt i dokumentaren Between Two Worlds frå 1990, regissert av Barry Greenwald og produsert av National Film Board of Canada (NFB) og Investigative Productions Inc. I den ein time lange filmen tek sonen til Idlout, Peter Paniloo, sjåaren på ei reise gjennom livet til faren. Filmen er teken med i NFB si samling av inuittfilmar Unikkausivut: Sharing Our Stories.[9] Between Two Worlds held fram forteljinga om livet til Idlout etter at Land of the Long Day blei laga og til han døydde i 1968, etter å ha køyrt ein snøskuter over ei klippe etter å ha drukke ved ein luftbase for Royal Canadian Air Force.[10]

FamilieEndra

Idlout er bestefar til rockesongaren Lucie Idlout. Dotter hans, Leah Idlout, har sagt at far hennar var son av Joseph-Elzéar Bernier. Ein trur i så fall at han var den einaste sonen til Bernier.[11]

KjelderEndra