Lucie Idlout (fødd Tatanniq Lucie d'Argencourt, 1972/1973) er ein kanadisk songar og låtskrivar frå Iqaluit i Nunavut. Ho er dotter av Leah Idlout-Paulson og barnebarn av Joseph Idlout.

Lucie Idlout

Fødd1968 (56 år)
OpphavCanada
Sjangerrock
Instrumentvokal
Verka somsongar, komponist, skodespelar

Karriere endre

Etter å ha gjeve ut fleire EP-ar gav Idlout ut sitt fyrste lange album, E5-770, My Mother’s Name, i 2004.[1] Tittelen viste til mor hennar og dei kanadiske styresmaktene si behandling av inuittar, som dei brukte å identifisera ved hjelp av nummer frå merke i staden for namn. E5-770 var nummeret tildelt mor hennar. Denne politikken blei formelt innført i 1944, men varte frå 1941 til 1978. Albumet inneheldt songen «Birthday», som blei brukt i filmen Crime Spree av Dan Birman, der Gérard Depardieu og Harvey Keitel spelte.[2] Etter å ha oppnådd ein del nasjonal og internasjonal merksemd blei Idlout godt kjend i media etter at ho opna for The White Stripes då dei heldt konsert i heimbyen hennar Iqaluit[2] 27. juni 2007.[3]

Det andre albumet hennar, Swagger, kom ut i februar 2009.[2] Album inneheld songen «Lovely Irene», som seinare blei omarbeidd med eit barnekor frå Iqaluit og kalla «Angel Street». Songen inspirerte ordføraren i Iqaluit, Elisapee Sheutiapik, til å starta ein kampanje for å auka merksemda kring vald i nære relasjonar i Canada ved å be kanadiske byar om å kalla ei gate i byen Angel.[4] I 2014 hadde byar som Iqaluit, St. John's, Edmonton, Regina, Fredericton, Yellowknife og Kamloops følgd oppfordringa.[5]

Hausten 2009 spelte Idlout inn ein ny song, «Road to Nowhere», til Great Canadian Song Quest på CBC Radio 2. Ho har sidan skrive musikk til filmskaparen Zacharias Kunuk sin film Inuit Knowledge and Climate Change, og for fleire fjernsynsprogram. I 2012 spelte Idlout ei gjesterolle som ein lesbisk strupesongar i Arctic AirCBC.

Filmskaparen Shane Belcourt har nemnd Idlout, ein nær ven av systera si Christi, som ein påverknad på temaa i filmen Tkaronto frå 2007.[6]

I 2017 opptredde Idlout i Alan Zweig sin dokumentarfilm There Is a House Here.[7]

Album endre

  • E5-770, My Mother’s Name (2004)[1]
  • Swagger (2009)[1]

Kjelder endre