Joseph Tawadros

australsk komponist

Joseph Tawadros AM (fødd 6. oktober 1983) er ein egyptisk-australsk oud-virtuos.[1] Tawadros har vunne ARIA Award for Best World Music Album tre gonger; i 2012, 2013 og 2014.[2]

Joseph Tawadros

Fødd6. oktober 1983 (41 år)
FødestadKairo
OpphavAustralia
Aktiv1995–
Sjangerjazz
Instrumentoud
Verka somoud player, plateartist
Prisarmedlem av Order of Australia

Tawadros blei fødd inn i ein koptisk familie i Kairo. Familien hans utvandra frå Egypt til Australia då han var tre år gammal.[3] Etter å først ha interessert seg for trompet, bestemte han seg for å læra å spela oud som åtteåring, etter å ha sett ein film om den egyptiske musikaren Sayed Darwish.[4] Han er klassisk utdanna med ein bachelorgrad i musikk frå University of New South Wales, der han blei tildelt Freedman Fellowship for Classical Music.[3] I 2000-åra studerte han også musikk i Egypt hjå fiolinspelaren Esawi Dagher, son av den legendariske fiolinspelaren Abdo Dagher. I åra som følgde oppheldt han seg tre månader av året i Egypt og lærte å spela andre instrument: bambusfløyta nay, arabisk siter eller qanun og cello.[4]

Ved ARIA Music Awards 2012 vann han prisen for Best World Music Album.[5] Han vann same prisen att i 2013 og 2014.

Tawadros har ein eklektisk musikkstil, og har ifølge Sydney Morning Herald teke ouden med seg ut av tradisjonell musikk frå Midtausten til vestleg klassisk musikk og jazz.[3] «Eg liker ikkje å spela i ein særskild sjanger, eg elskar alle typar musikk,» har Tawadros sagt.[a][6] Han har samarbeidd med musikarar som John Abercrombie, Jack DeJohnette, Roy Ayers, Bela Fleck, Joey DeFrancesco, Australian Chamber Orchestra og The Academy of Ancient Music.

Joseph Tawadros spelte 52 ulike instrument på albumet World Music (mellom anna oud, qanun, saz, violin, ney, portugisisk guitar, elektrisk bass, kalimba og trekkspel), og bror hans James spelte 11 perkusjonsinstrument.[7]

Diskografi

endre

Album

endre
Album og utvalde detaljar
Tittel Detaljar
Storyteller
  • Utgjeve 2004
  • Selskap: Versilia (VACD 104.2)
  • Format: CD
Rouhani
(med Bobby Singh)
  • Utgjeve 2005
  • Selskap: ABC Classics (4768078)
  • Format: CD
Visions
(med James Tawadros)
  • Utgjeve februar 2006
  • Selskap: Joseph Tawadros (JT2005)
  • Format: CD, DD
Epiphany
(med James Tawadros og Ben Rodgers)
  • Utgjeve mars 2007
  • Selskap: Joseph Tawadros (JT2007)
  • Format: CD, DD
Angel
(med James Tawadros og Dimitri Vouros)
  • Utgjeve desember 2008
  • Selskap: Joseph Tawadros (JT2008)
  • Format: CD, DD
The Prophet
  • Utgjeve mars 2009
  • Selskap: Joseph Tawadros (JT2009)
  • Format: CD, DD
  • Note: Utvalde dikt frå The Prophet skrive i 1923 av diktaren Kahlil Gibran
The Hour of Separation
  • Utgjeve juni 2010
  • Selskap: Joseph Tawadros
  • Format: CD, DD
Band of Brothers
(med Slava & Leonard Grigoryan og James Tawadros)
  • Utgjeve mars 2011
  • Selskap: ABC Classics (4764316)
  • Format: CD, DD
Concerto of The Greater Sea
  • Utgjeve februar 2012
  • Selskap: Joseph Tawadros (JT2012)
  • Format: CD, DD
Chameleons of the White Shadow
  • Utgjeve februar 2013
  • Selskap: ABC Classics (4810119)
  • Format: CD, DD
Permission to Evaporate
  • Utgjeve mai 2014
  • Selskap: ABC Classics
  • Format: CD, DD
Truth Seekers Lovers and Warriors
  • Utgjeve april 2015
  • Selskap: ABC Classics (4811632)
  • Format: CD, DD
World Music
  • Utgjeve mars 2016
  • Selskap: Joseph Tawadros
  • Format: DD
Live at Abbey Road
(med James Tawadros)
  • Utgjeve juli 2017
  • Selskap: Joseph Tawadros
  • Format: DD
  • Live album
Ali's Wedding
(med Nigel Westlake, Sydney Symphony Orchestra, Slava Grigoryan og Lior)
  • Utgjeve september 2017
  • Selskap: Matchbox Picture
  • Format: CD, DD
  • Soundtrack album
The Bluebird, the Mystic and the Fool
  • Utgjeve april 2018
  • Selskap: Joseph Tawadros
  • Format: DD
Betrayal of a Sacred Sunflower
  • Utgjeve juni 2019
  • Selskap: Joseph Tawadros
  • Format: DD
Live at the Sydney Opera House[8]
(med James Tawadros, Benjamin Northey og Sydney Symphony Orchestra)
  • Utgjeve 12. jun 2020
  • Selskap: ABC Music
  • Format: DD, streaming

Prisar og utmerkingar

endre

ARIA Music Awards

endre

ARIA Music Awards er ein musikkpris for alle sjangrar innan australsk musikk som blir delt ut årleg. Tawadros har blitt nominert seksten gonger og vunne fire prisar.[9]

År Kandidat/verk Pris Resultat
2004 Storyteller Best World Music Album Nominert
2006 Visions (med James Tawadros) Best World Music Album Nominert
2007 Epiphany Best World Music Album Nominert
2008 Angel Best World Music Album Nominert
2010 The Prophet Best World Music Album Nominert
The Hours of Separation Best Jazz Album Nominert
2011 Band of Brothers (med Slava & Leonard Grigoryan & James Tawadros) Best World Music Album Nominert
2012 Concerto of the Greater Sea Best World Music Album Vann
2013 Chameleons of the White Shadow Best World Music Album Vann
2014 Permission to Evaporate Best World Music Album Vann
2015 Truth Seekers, Lovers and Warriors Best World Music Album Nominert
2016 World Music Best World Music Album Nominert
2017 Live at Abbey Road Best World Music Album Nominert
Ali's Wedding (med Nigel Westlake, Sydney Symphony Orchestra, Slava Grigoryan & Lior) Best Original Soundtrack or Musical Theatre Cast Album Vann
2018 The Bluebird, The Mystic and the Fool Best World Music Album Nominert
2019 Betrayal of a Mystic Flower Best World Music Album Nominert

Merknadar

endre
  1. "I don't like to play in a particulare genre, I love all sorts of music"

Kjelder

endre
  1. Creagh, Sunanda (1. november 2006). «Joseph Tawadros – Gig Reviews». The Sydney Morning Herald (Fairfax Media). Henta 17. april 2010. 
  2. «Joseph Tawadros, ARIA Music Awards». www.ariaawards.com.au. ARIA Music Awards. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Creagh, Sunanda (27. oktober 2012). «From ancient strings, a new mood for the oud». The Sydney Morning Herald (Fairfax Media). Henta 25. august 2013. 
  4. 4,0 4,1 «Long journey from Redfern to a world of musical riches for Joseph Tawadros». The Australian. 25. januar 2013. Arkivert frå originalen 8. mai 2020. Henta 1. september 2013. 
  5. Creagh, Sunanda (28. mars 2013). «Oud player keeps good company». The Sydney Morning Herald (Fairfax Media). Henta 25. august 2013. 
  6. «The Dreamers. Joseph Tawadros». mapmagazine. Henta 1. september 2013. 
  7. Shand, John (15. april 2016). «Joseph Tawadros review : Only eight instruments? he's not trying hard enough». The Sydney Morning Herald (Fairfax Media). Henta 23. april 2016. 
  8. «Live at the Sydney Opera House». Apple Music. June 2020. Arkivert frå originalen 20. juni 2020. Henta 14. juni 2002. 
  9. «ARIA Awards Search Results – Joseph Tawadros». ARIA Awards. ARIA Awards. Henta 26. april 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre