Koptarar er egyptarar som høyrer til den koptiske kyrkja eller andre kristne kyrkjelydar.

Den hovudsakleg koptiske landsbyen Keneh, fotografert i 1918.

Ordet «koptisk» kjem via latin coptus frå arabisk qubt. Dette ordet kjem frå dei koptiske kubti eller kuptaion som viser til det koptiske språket og er avleidd frå gresk aiguptios (Αἴγύπτιος), 'egyptisk'. Koptarar er i dag arabisktalande, men bruker koptisk, som har opphav i gammalegyptisk, som kyrkjespråk.

Rundt 6,5 millionar innbyggjarar i Egypt er rekna som koptarar (2005). Dette er mellom 5 og 10 % av folketalet i Egypt. Dei aller fleste høyrer til den koptiske ortodokse kyrkja, medan rundt ein halv million er katolikkar eller protestantar. Koptarane er dermed det største kristne samfunnet i Midtausten og den største arabisktalande, ikkje-muslimske gruppa i verda. Det er hovudsakleg religionen som skil koptarar frå andre egyptarar; i klesdrakt og daglege skikkar elles er dei ganske llike.

Koptarar bur spreidd i heile Egypt. Ein fjerdedel bur i Kairo, halvparten på landsbygda og elles i ulike byar og landsbyar. I byane er dei tradisjonelt sysselsette i bankvesen, handel og administrasjon.

Kjende koptarar endre

Kjelder endre

«koptere» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Koptarar