For elva også kalla Oud, sjå Oust.

Oud (uttalt 'od') er ein korthalsa lutt som stammer frå Midt-Austen. Instrumentet spreidde seg i Middelhavslanda og er ofte rekna som opphavet til den europeiske lutten. Han kan spelast som soloinstrument eller saman med song.

Oud

Klimpreinstrument
Andre namnArabisk lutt. På arabisk heiter instrumentet 'ud eller al 'ud og på persisk barbat
Klassifiseringluttinstrument med rund kropp og hals spelte med plekter
Hornbostel-Sachs klassifisering321.321-6
(Samansett kordofon spelt på med plekter)
Døme
Korleis spele oud med plekter.

Skildring endre

Ouden har fire eller fem strengekor. Fram til 800-talet hadde han fire enkle strengar, men deretter tok ein i bruk dobbeltstrengar, ofte også med ein bass-streng. Til forskjell frå lutt har han ingen strengebånd. Ein speler oud med eit fleksibelt plekter som er 10-15 cm langt.

Det finst tre hovudtypar av oud: Arabisk oud er den største, og finst i egyptiske, syriske og irakiske variantar. Tyrkisk oud er litt mindre, med noko kortare hals. Han er kjend som outi i Hellas, og finst også i Armenia. Persisk oud, kjend som barbat, er endå litt mindre, og har ofte strengeband. Ein bruker også oud i aserbajdsjansk musikk.

Speling endre

Arabisk oud er tradisjonelt stemt i G - A - D - G - C med ein ekstra bass-streng i C eller E. Tyrkisk stemming er D - A - E - H - A - E. Det blir også brukt mange variantar utover desse grunnstemmingane. Fleirtona element blir danna gjennom at ein veskler raskt mellom høge og djupe tonar.

Rabih Abou-Khalil, Anouar Brahem og Marcel Khalifé er nokre kjende oud-spelarar.

Påverknad på andre instrument endre

Ouden blei innført i Spania av maurarane, og danna dermed grunnlaget for utviklinga av den europeiske lutten. Han hadde også mykje å seia for utviklinga av gitaren.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Oud