Joshua Redman

amerikansk jazzmusikar og komponist

Joshua Redman (fødd 1. februar 1969 i Berkeley) er ein framståande jazz-saksofonist frå USA. Han er son til tenorsaksofonisten Dewey Redman.

Joshua Redman

Fødd1. februar 1969 (55 år)
FødestadBerkeley
OpphavUSA
Aktiv1991–
Sjangerjazz, postbop
Instrumenttenorsaksofon, sopransaksofon, saksofon
PlateselskapWarner Bros. Records, Nonesuch
Verka somkomponist, saksofonist, jazzmusikar
FarDewey Redman

Redman vann Thelonious Monk International Jazz Saxophone Competition i 1991. Framover 1990-talet utvikla han ein personleg stil, fyrst på innspelinga til faren i 1992, Choices. På si fyrste innspeling som bandleiar, Wish, hadde han med seg ein rad stjerner. Dei var gitaristen Pat Metheny, bassisten Charlie Haden og trommeslagaren Billy Higgins. Han fortsette med ulike kvartettar fram til han saman med tangentspelaren Sam Yahel og trommeslagaren Brian Blade danna trioen Elastic.

Han er òg kunstnerisk leiar i SF Jazz Collective i San Francisco. Dette blir av mange rekna som eit geografisk og filosofisk motstykke til det ny-klassisistiske Lincoln Center Jazz Orchestra under leiing av Wynton Marsalis.

Diskografi

endre
  • Joshua Redman (1993)
  • Wish (1993)
  • MoodSwing (1994)
  • Joshua Redman Captured live (1994)
  • Spirit of the Moment Live at Village Vanguard (1995)
  • Freedom in the Groove (1996)
  • Timeless Tales (for Changing Times) (1998)
  • Beyond (2000)
  • Passage of Time (2001)
  • Elastic (2002)
  • Momentum (2005)

Bakgrunnsstoff

endre