Juan Terry Trippe (27. juni 18993. april 1981) var ein amerikansk luftfartspioner og grunnleggjar av Pan Am, verdas mest prominente flyselskap på midten av 1900-talet.

Juan Trippe

Statsborgarskap USA
Fødd 27. juni 1899
Sea Bright
Død

3. april 1981 (81 år)
New York by

Yrke gründer
Språk engelsk
Juan Trippe på Commons

Tidlege år endre

Trippe vart fødd i New Jersey i 1899. På grunn av førenamnet «Juan» vart han ofte teken for å vera av cubansk opphav, men familien hans var av nordeuropeisk opphav som hadde slått seg ned i Maryland i 1664. I røynda var han kalla opp etter Juanita Terry, den venezuelanske kona til grandonkelen sin.[1]

Trippe vart uteksaminert frå highschool i 1917.[2] Han vart student ved Yale University, men forlet det då USA gjekk inn i fyrste verdskrigen og gjekk inn i United States Navy, der han blei utdanna til marineflygar. Sidan krigen slutta kunne han ikkje flyga i kamp. Han drog tilbake til Yale, som han gjekk ut frå i 1921.

Etter eksamen frå Yale byrja Trippe å arbeida på Wall Street, men vart snart trøytt av dette. Han skaffa seg kapital ved å selja aksjar til tidlegare klassekameratar frå Yale og i 1922 starta han eit nytt flyselskap som han kalla Long Island Airways.[3] Selskapet fekk kort levetid, og nok ein gong tappa han dei rike venene sine frå Yale, og investerte i eit nytt selskap som fekk namnet Colonial Air Transport, dette selskapet fekk i oktober 1925 kontrakt på å fly luftpost. Han vart så interessert i å operera med flygingar til Det karibiske havet og Trippe danna The Aviation Company of the Americas med base i Florida. Dette selskapet ende opp i det som skulle føra til danninga av Pan Am.

Trippe og Pan Am endre

For meir om dette emnet, sjå Pan American World Airways.

Den fyrste flyginga til Pan Am tok av frå Key West i Florida den 19. oktober 1927 med målet HavannaCuba. Ho nytta eit chartra Fairchild FC-2 sjøfly frå West Indian Aerial Express i Den dominikanske republikken. Returen frå Havanna til Key West, med Pan Am Fokker F.VII, den 29. oktober.

Seinare kjøpte Trippe China National Aviation Corporation (CNAC) for å kunne operera innanlandske flyruter i Kina, og seinare, på 1930-talet vart Pan Am partnar i Panagra. Pan Am vart det første flyselskapet som kunne tilby flyvninger over Stillehavet med dei berømete Clipper flybåtar

Trippe var styreformann for selskapet praktisk talt i heile tida frå det vart grunnlagt og fram til andre verdskrig. Pan Am heldt fram å ekspandera gjennom heile krigen som eit av dei få selskapa som i liten grad vart rørt av den.

Trippe er ansvarleg for mange nyvinningar innan luftfarten. Han var den som innførte økonomiklasse, og som gjorde flyreiser tilgjengelege for allmugen. Han var òg den drivande krafta bak Pan Am si satsing innan hotellnæringa med danninga av hotellkjeda InterContinental.[4]

Trippe innsåg snart dei høva som låg i dei nye jetflya og bestilte ei større mengd Boeing 707 og Douglas DC-8 fly. Pan Ams første flyvning med jetfly fann stad i oktober 1958 med ein 707 frå Idlewild International Airport (no JFK) til Paris. Med dei nye jetflya kunne Pan Am tilby lågare bilettpriser og fly fleire passasjerar. I 1965 ba Trippe sin ven Bill Allen om ikkje Boeing kunne byggja eit fly som var større enn 707. Resultatet vart Boeing 747, og Pan Am vart den første kunden.

Opphavleg meinte Trippe at 747 i hovudsak skulle brukast som fraktfly og at passasjerfly ville erstattast av dei raskare supsoniske fly som då var under utvikling. Med unntak av Concorde og Tupolev Tu-144 vart ikkje supersoniske fly nokon suksess. I 1965 fekk Trippe Tony Jannus Award for bidraga siene til internasjonal luftfart.

Trippe gav opp leiinga av selskapet i 1968, men heldt fram å delta på styremøta og han beholt eit kontor i bygningen til selskapet, etter at han trekte seg tilbake.

Død endre

Trippe døydde 3. april 1981 i New York, og er gravlagd i Green-wood Cemetery i Brooklyn. I 1985 vart han tildelt Presidentens fridomsmedalje post mortem av president Ronald Reagan.[5]

Kjelder endre

  1. «Juan Trippe, Pan Am Founder, Dies». The New York Times i Daytona Beach Morning Journal. 4. april 1981. s. 5D. Henta 14.mars 2010. 
  2. «Juan Trippe, 81, Dies; U.S. Aviation Pioneer». The New York Times. 4.aoruk 1981. Henta 23. november 2010. 
  3. Gandt, Robert (1995). Skygods: The Fall of Pan Am. New York: William Morrow and Company, Inc. s. 12. ISBN 0-688-04615-0. 
  4. "A Trippe Down Memory Lane"
  5. Mosca, Alexandra Kathryn (2008). Green-Wood Cemetery. Arcadia Publishing. s. 59. ISBN 978-0-738-55650-5. 

Bakgrunnsstoff endre