Jugorsk
Jugorsk (russisk Югорск) er ein by i Khanty-Mansia i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 420 kilometer vest for Khanty-Mansijsk.
Jugorsk Югорск | |||
by | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Khanty-Mansia | ||
Areal | 152,18 km² | ||
Folketal | 32 423 (2008) | ||
Grunnlagd | 1962 | ||
• Bystatus | 1992 | ||
Retningsnummer | +7 34675 | ||
Jugorsk 61°19′00″N 63°21′00″E / 61.316666666667°N 63.35°E | |||
Wikimedia Commons: Yugorsk | |||
Nettstad: https://www.ugorsk.ru/ |
Mesteparten av folkesetnaden er russarar, men det finst òg ukrainarar, tatarar og dei innfødde khanty og mansi-folka.
Historie
endreBusetnaden Komsomolskij (russisk Комсомольский) vart bygd i 1963 i samband med utbygging av tømmer- og naturgass-industriane i området. Busetnaden voks etter kvart som gassfelta i vest-Sibir vart utbygd og produksjonsselskapet Tjumentransgas vart bygd opp. I mars 1959 starta bygginga av jernbanen Ivdel – Priobje. Rundt same tid starta utbygginga av skogane på taigaen i området.
Flybasen Jugorsk Sovjetsky vart bygd 11 km sørvest for byen, og huste 763. jagarflypregiment (763-й истребительный авиационный полк). Begge blei nedlagde i 1998. Eit minnesmerke over militære og arbeidsprestasjonane til sibirske folk, med eit MiG-25-fly på ein sokkel, opna 29. august 1998.[1]
Busetnaden fekk bystatus i 1992 og namnet på byen vart samstundes endra til Jugorsk. Namnet kjem av «Jugra» eller «Jugoria», som er namnet på landet til khanty og mansi-folka.
Økonomi og næringsliv
endreTjumentransgas (eigd av Gazprom) er den viktigaste arbeidsgjevaren i byen, med over 7 000 tilsette i Jugorsk. For tida (2008) kjem 90 % av inntektene i byen frå verksemdene til Tjumentransgas.
Ei anna viktig verksemd er Jugorskles, som driv med hogst og handsaming av tømmer, og med møbelproduksjon.
Jordbruksbedrifta JSC Jugorskoje, som er spesialisert innan kvegavl og fjørfe, har òg verksemder i Jugorsk.
Kjelder
endre- ↑ «Памятники и монументы города Югорск». Arkivert frå originalen 17. juli 2012. Henta 1. desember 2012.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Yugorsk Sovetsky (air base)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2023.