Jugoslavia i Eurovision Song Contest 1992
Jugoslavia deltok for siste gong i Eurovision Song Contest 1992 i Malmö i Sverige. Etter at Slovenia, Kroatia, Makedonia og Bosnia-Hercegovina lausreiv seg frå Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia i april 1992, danna dei to attverende landa Serbia og Montenegro Den føderale republikken Jugoslavia. Difor deltok berre Serbia og Montenegro under namnet Jugoslavia i mai 1992. Landet deltok òg med eit flagg utan den raude stjerna i midten. Etter tevlinga skipa Resolusjon 757 frå Tryggingsrådet i SN saksjonar mot Jugoslavia, og landet fekk mellom anna ikkje delta i internasjonale tevlingar og kulturarrangement, inkludert Eurovision Song Contest.[1] Jugoslavia deltok ikkje att i tevlinga før i 2004 under namnet Serbia og Montenegro. Sidan 2007 har dei to landa delteke kvar for seg, som Serbia og Montenegro. Slovenia, Kroatia og Bosnia-Hercegovina debuterte i 1993, berre to år etter den siste deltakinga som Jugoslavia. Makedonia debuterte i 1998, men forsøkte å få delteke allereie i 1996.
Eurovision Song Contest 1992 | ||
---|---|---|
Land | Jugoslavia | |
Nasjonal uttaking | ||
Uttaking | Jugovizija 1992 | |
Dato(ar) | 28. mars 1992 | |
Artist(ar) | Extra Nena | |
Song | «Ljubim te pesmama» | |
Språk | Serbokroatisk | |
Låtskrivar(ar) | Radivoje Radivojević og Gale Janković | |
Resultat | ||
Finalepoeng | 44 | |
Finaleplass | 13 |
Uttaking
endreDet jugoslaviske bidraget vart valt ut i den nasjonale uttakinga Jugovizija 1992, som fann stad 28. mars 1992. Vinnaren, som fekk representere Jugoslaiva i Eurovision Song Contest 1992, vart Extra Nena med songen «Ljubim te pesmama». Det var ein ekspertjury som valde ut vinnaren.
I Eurovision
endreJugoslavia deltok som nummer 20 i finalen i Malmö i Sverige 9. mai 1992, etter Italia med «Rapsodia» av Mia Martini og før Noreg med «Visjoner» av Merethe Trøan. Extra Nena fekk 44 poeng og enda på 13. plass av totalt 23 bidrag.
Poeng til Jugoslavia
endre12 poeng | 10 poeng | 8 poeng | 7 poeng | 6 poeng |
---|---|---|---|---|
5 poeng | 4 poeng | 3 poeng | 2 poeng | 1 poeng |
12 poeng | Israel |
10 poeng | Malta |
8 poeng | Kypros |
7 poeng | Hellas |
6 poeng | Tyrkia |
5 poeng | Portugal |
4 poeng | Sverige |
3 poeng | Finland |
2 poeng | Irland |
1 poeng | Noreg |
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Yugoslavia in the Eurovision Song Contest 1992 frå Engelsk Wikipedia .
Fotnotar
endre- ↑ «United Nations Security Council Resolution 757 (Implementing Trade Embargo on Yugoslavia)» (på engelsk). University of Minnesota Human Rights Center. Henta 8. desember 2012.
- ↑ http://en.wikipedia.org/wiki/Eurovision_Song_Contest_2012