Julenatt er natta mellom julaftan og første juledag, og har frå gammalt av blitt sett på som ei av dei farlegaste og mest magiske nettene i året. Omtrent alt som var av overnaturlege vesen og trollskap var ute julenatta, difor var det viktig å ta forholdsreglar og ta i bruk alle midla ein hadde for å verna seg mot det vonde.[1]

Heising av julenek på julaftan. Illustrasjon frå Telemark frå boka Nordiska taflor, gjeve ut av Albert Bonnier i 1873.
Juleskikk av Adolph Tidemand, 1846

Tradisjonar

endre

Krossing

endre

Som regel pleidde ein i god tid før jul – og seinast julaftan før solnedgang – å måla krossar på dørene, både i våningshus og uthus, med tjørekost, kol, krit eller slakteblod for å verna seg mot «trollskap». Øltønner, kister, reiskap, mjølstampar og kar blei merkte på same måte. Husdyra blei òg merkte med ein tjørekross i panna og på krossbeinet.[2] Ein rissa også krossar i smør og annan mat, elles kunne den òg fortrollast.

Under krossinga skulle ein helst uttale orda «Kross i Jesu namn», og det hjelpte betre om ein var særs sterk i trua.[3]

Som ekstra vern kunne ein plassera stålreiskapar rundt omkring på viktige stadar som i stallen, i kornbingen, over stabbursdøra, ved brønnen og over dyra i fjøset.

Vernet måtte vanlegvis bli ståande til tretten- eller tjuandedagen, då faren var over. I ein del gamle hus har ein funne mange hoggmerke i dørstokken etter øksene som har stått der som vern i jula.[4]

Daudingar

endre

På julenatta kunne dei daude venda tilbake til den levande verda, og mellom anna halda sine eigne julenattgudstenester. Ein heldt seg helt inne for å unngå dei, og vokta seg særleg for å oppsøka kyrkjer eller havet.[2] Difor var det best å halda seg innandørs etter at mørket fall på julaftan, og ikkje gå igjen ut før sola hadde stått opp på juledagen.

På julaftan var det før vanleg å setja fram mat til ekstra «gjestar» – som regel dei daude slektningane sine. Dei avlidne skulle ikkje koma heim til tomt bord på julaftan. Denne maten rørte ein ikkje, for han var berre for «gjestane». Dersom maten forsvann i løpet av kvelden eller julenatten, så hadde ein bevis på at dei hadde vore på besøk. Sjølv om ein kunne risikera at også julereia og dei underjordiske tok seg til rette, så var det få som våga å bryta denne skikken.[5] Ein hadde ofte òg ei tom seng ståande, i tilfelle dei daude «gjestane» ville kvila. Ifølgje Ørnulf Hodne har denne skikken vore praktisert i Stryn så seint som i 1964.[6]

Julereia

endre
 
Det humoristiske måleriet «Julereia» (1922) av Nils Bergslien viser eit kaotisk, feststemt følgje av underjordiske, vetter, nissar, trollkjerringar, drukkenboltar, drapsmenn og anna pakk gjennom eit norsk gardstun julenatta. Opptoget er ein variant av oskoreia, eit nattleg følgje av gjengangrar, og henspiller på tradisjonen med å gå julebukk som ei lystig feiring frå gard til gard. På biletet ser ein òg ein nisse som rir på ein geitebukk, fanden med fele på ryggen av eit reinsdyr, ein snømann og eit julenek.

Julereia (eller juleskreia) var ei brokete samling av huldrer, underjordiske, drapsmenn, drukkenboltar og anna pakk. I Telemark blei det sagt at Gudrun Gjukesdotter frå Volsungesoga og Sigurd Fåvnesbane frå Edda-dikta leia an i spissen for julereia. Dei framkalla vald og skadeverk overalt dei kom. Reia åt opp julematen og drakk opp ølet, varsla drap og slagsmål, og kunne bortføra både folk og fe.[7] Var ein ute julenatta og møtte julereia, kunne ein risikera at dei tok med seg «hugen» (sjela), medan kroppen blei liggande igjen. Skulle sjela venda attende, ville ein vera sjukeleg resten av livet.[5]

Julehalm og Maria skål

endre

Tradisjonelt pleidde ein å ta fram halm og breia utover golvet i stova, og der låg heile familien samla på julenatta. Dette blei kalla julehalm. Skikken hadde opphav frå norrøn tid, der ein søkte saman som vern mot dei vonde kreftene som herja denne natta. I kristen tradisjon blei detta endra til å minnast Josef, Maria og Jesusbarnet i krybba i stallen, for å dela kåra deira i solidaritet. Nokre stader blei denne skikken praktisert heilt til 1940-talet.[8]

Det var òg vanleg at karane låg i halmen og drakk seg fulle på sterkt øl og brennevin. Før i tida hadde ein eit meir liberalt syn på alkohol, ein drakk jo gjerne øl blanda med vatn til kvardags fordi ein syntest vatn smakte så lite, og det var mangel på mjølk.[9]

Frå Rogaland blir det fortald at ein hadde den tradisjonen at barn og ungdom kledde seg nakne og leikte i julehalmen. Dei hoppa då opp etter veggene og landa i halmen til dei blei så trøytte at dei sovna i halmen, medan dei eldste sat oppe heile natta. I nyare tid har dette gjerne blitt sett på som syndig og umoralsk i det både gutar og jenter leikte nakne saman. Men ifølgje Olav Bø var det vanleg å sova nakne før i tida og det var såleis norma og difor ikkje umoralsk.[10]

Fram til slutten av 1700-talet pleidde ein òg å drikka «Maria skål» ved midnatt då julenatta starta, og neste morgon åt ein «Marias sengegraut» medan ein enno låg i halmen. Men ofte heldt dei vaksne seg vakna i julevake denne natta, for alt kunne skje. Detta var nemleg ein av dei farlegaste nettene i året, då julereia og anna «faenskap» kunne vera på ferde.[11]

Julevake og julelys

endre

I Telemark og nokre andre stadar var det vanleg å halda julevake (jolevak) der ein sat oppe heile natta. Dei som heldt julevake pleidde leggja seg til å sova etter at julebadet (laugen) var over. Når kona hadde dekt på julebordet like før midnatt, vekte ho dei andre og bad dei til bords, og så åt dei julemiddag. Dermed hadde dei nok energi til å halda seg vakne heile natta, og såleis vera på vakt i høve til det vonde. Blant dei mest gudfryktige var dette rekna som ein stygg uskikk.[12]

Det var om å gjera å halda mest mogleg leven, synga og lesa heile tida, slik at dei skremde bort trollskapet og det heldt seg unna.[13]

Julelysa var støypte spesielt for julevaka. Desse var ekstra store, nesten som alterlys, og var rekna som heilage. Ingen måtte røra dei eller ta eld frå dei. Nokon i huset sat alltid og passs på at dei ikkje slokna, slik at dei fekk brenna ned av seg sjølv.[14]

Julenatta var òg den einaste natta då dei både fyrte i peisen og brann julelys heile natta – i alle fall i stova – for å halda det vonde unna. Julenatta kunne ein sjå lysskinet frå vindauga i husa omkring, hos dei som hadde vindauge. Det skulle ikkje vera nokon tvil om at jula var ein verkeleg lysfest. Elles i året var det vanlegvis bekmørkt i alle hus når folka hadde gått til sengs, vanlegvis mellom klokka åtte og ti om kvelden.[15]

Gjestfriheit

endre

Det var ikkje vanleg å ha gjestar på julaftan og julenatta, som regel var det folka som høyrde til på garden som søkte heim til jul. Men det var òg ein uskriven lov om at ingen måtte nektast husrom på julenatta, for då rådde julefreden. Til og med fredlause kunne nytta seg av dette.

I enkelte bygder tok ein òg imot betalande gjestar som fekk vera med og feira jul, og då hadde dei like mykje rett som husfolket til å ta for seg av julematen og vera med på festen. Dette var gjerne einslege ungkarar som budde litt avsides, som betalte med slåttearbeid om sommaren for å sleppa å sitja åleine i jula.

I meir kondisjonerte krinsar var det heller ikkje uvanleg at dei borna som studerte, tok med seg studiekameratar og venner heim til jul.[16]

Julemagi

endre

Klokka tolv julenatta skulle alt vatn i elver, bekker og brønnar bli til vin, nett slik som Jesus gjorde vatn til vin i bryllaupet i Kana. Men det var få som torde gå ut for å smaka. Dei modigaste henta nokre bøtter og spann ettersom dei meinte at det skulle vera helsebringende for både folk og fe.[17]

På julenatta skulle visstnok dyra få munn og mæle og kunne snakka som vanlege folk. Om natta reiste dei seg og vende hovudet mot aust og nikka tre gonger, før dei bad fadervår. Dei som torde gå ut i fjøset julenatta kunne då få høyra mange merkelege ting. Dyra var nemleg òg fødde med «mæle» slik som menneska, men på grunn av synda til menneska (syndefallet i Edens hage) mista dei seinare denne, og kunne difor berre snakka éin dag i året.[17]

Varsel

endre
 
Charles Dickens' klassiske Eit juleeventyr frå 1843 har vore med å prega synet til britane på jul som ei tid for vennleg gavmildheit. Langnovella skildrar omvendinga til gjerrigknarken Ebenezer Scrooge, som i løpet av nettopp julenatta får syn, møter ånder og går frå å vera ein bitter, egoistisk julehatar til å gleda seg over høgtida.
Illustrasjon: Marley's Ghost. Ebenezer Scrooge visited by a ghost. frå A Christmas Carol illustrert av John Leech 1843
  • Om julelysa brann skeivt julenatta, kunne ein venta dødsfall frå den retninga lyset hella mot.[18]
  • Juledagsmorgonen når julehalmen blei boren ut så leitte ein etter korn. Var korna margfulle så varsla det godt kornår; og om det var motsett ville det bli eit dårleg kornår. Fann dei mest bygg, så lønte det seg då å så bygg.
  • Julehalmen kunne òg varsla død, om ein fann halmstrå på kryss og tvers slik at dei forma ein kross. Då kom nokon i huset til å døy innan kort tid.[19]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
Referansar
  1. Stovner, Ina Louise (8. juli 2019). «julenatt». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 journalist, Kristin Straumsheim Grønli (15. desember 2002), «Den farlige julenatta», forskning.no (på norsk), henta 28. november 2019 
  3. Hodne 1996, s. 80-81.
  4. Hodne 1996, s. 81.
  5. 5,0 5,1 Sivertsen 1998, s. 234-235.
  6. Hodne 1999, s. 142.
  7. Hodne 1996, s. 82.
  8. Sivertsen 1998, s. 238.
  9. Bø 1993, s. 96.
  10. Bø 1993, s. 95-96.
  11. Sivertsen 1998, s. 230.
  12. Bø 1993, s. 93.
  13. Hodne 1996, s. 84-85.
  14. Hodne 1996, s. 85.
  15. Bø 1993, s. 92.
  16. Bø 1993, s. 96-97.
  17. 17,0 17,1 Hodne 1996, s. 83.
  18. Hodne 1999, s. 80.
  19. Bø 1993, s. 90-91.
Litteraturliste
  • Bø, Olav (1993), Vår Norske Jul, Oslo: Det Norske Samlaget, ISBN 82-521-2509-3 
  • Hodne, Ørnulf (1996), Jul i Norge, Oslo: J.W. Cappelen, ISBN 82-02-16295-5 
  • Sivertsen, Birger (1998), Mari Vassause og den hellige Margareta, Andresen & Butenschøn AS, ISBN 9788276941180 
  • Hodne, Ørnulf (1999), Norsk folketro, Oslo: J.W. Cappelen, ISBN 82-02-18632-3