Julia Mancuso (fødd 9. mars 1984) er ein USA-amerikansk alpinist frå Reno i delstaten Nevada som vart olympisk meister i storslalåm i 2006. Frå 2005 til 2014 har ho vunne fem VM-medaljar og fire OL-medaljar, meir enn nokon annan kvinneleg alpinist frå USA. Mellom desember 2006 og februar 2012 vann ho sju tevlingar i verdscupen i alpine greiner.

Julia Mancuso


Statsborgarskap USA
Fødd 9. mars 1984 (40 år)
Reno
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 2010 – Utfor kvinner, Alpint under Vinter-OL 2006 – Storslalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 2010 – Kombinasjon kvinner, Alpint under Vinter-OL 2014 – Kombinasjon kvinner

Aktiv endre

Mancuso debuterte i verdscupen i alpine greiner i november 1999, 15 år gammal. Sesongane 2002-04 vann ho til saman fem gullmedaljar i junior-verdsmeisterskapane i alpint.

Ho fekk sitt gjennombrot i 2005-sesongen, med bronsemedaljar i super-G og i storslalåm i VM i Santa Caterina. I januar 2006 fekk ho sine fyrste pallplasseringar i verdscupen. Under Vinter-OL 2006 overraska Mancuso stort og vann gullmedaljen i storslalåm framom finske Tanja Poutiainen og svenske Anna Ottosson. Rennet var prega av skodde og kraftig snøfall.

Mancuso tok sin fyrste siger i verdscupen då ho vann utforrennet i Val-d’Isère 19. desember 2006. Seinare i sesongen vann ho ytterlegare tre verdscuprenn, og enda på tredjeplassen i verdscupen i alpine greiner 2007. Einast austerrikarane Nicole Hosp og Marlies Schild kom framom henne då rekneskapen for alpinsesongen 2007 vart summert. Med i rekneskapen for Mancuso var ein sølvmedalje i kombinasjonen under VM i alpine greiner 2007 i svenske Åre, der arrangørtlandets Anja Pärson var klart best.

I 2010 sikra Mancuso seg to sølvmedaljar under vinterleikane i Vancouver, i høvesvis utfor og i kombinasjonen. Også frå VM i alpine greiner 2011 i Garmisch-Partenkirchen kom ho heim med ein sølvmedalje, då frå super-G-øvinga. Sesongen 2011 vann ho sin femte tevlingssiger i verdscupen, og i februar 2012 sin sjette og sjuande.

Både under alpint-VM 2013 i Schladming og Vinter-OL 2014 i Sotsji viste Mancuso seg som ein framifrå meisterskapsutøvar. I Schladming fekk ho bronsemedaljen i super-G-tevlinga, medan ho i Sotsji tok ein medalje av same valør i superkombinasjonen. Før VM-sesongen 2015 har Mancuso vunne tre medaljar i super-G, tre i kombinasjon/superkombinasjon, to i storslalåm og ein i utfor.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre