Jungel
Ein jungel er ein tett skog i eit varmt klima, slik som tropisk regnskog. Namnet stammar frå sanskrit jangala.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d3/Box_Log_Falls.jpg/220px-Box_Log_Falls.jpg)
Ordet jungel vert nytta i mange språk på det indiske subkontinentet om tropisk regnskog eller sumpland. Ikkje alle skogar som blir kalla junglar er regnskogar; mange vil nytta ordet jungel om skogane i det nordlege Thailand eller det sørlege Guangdong i Kina, som i vitskapleg forstand er monsunskogar.
Jungel vert òg nytte i overført tyding som «ein jungel av lover og reglar».
- Denne artikkelen bygger på «Jungel» frå Wikipedia på bokmål, den 14. januar 2013.