Junk av Paul McCartney
Junk Song av Paul McCartney frå albumet McCartney | ||
Utgjeve | 17. april 1970 | |
Innspelt | February 1970 | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 1:54 («Junk») 2:36 («Singalong Junk») | |
Selskap | Apple | |
Tekstforfattar | Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
---|---|---|
Produsent | Paul McCartney |
«Junk» er ein song skriven av Paul McCartney i 1968 medan The Beatles var i India.[1] «Singalong Junk» er ein instrumentalversjon av «Junk» som òg er på McCartney.
Historie
endreSongen vart opphavleg vurdert for The Beatles (òg kjend som «White Album»). Han vart droppa for dette albumet og kom heller ikkje med på Abbey Road. Han vart til slutt gjeven ut på det første soloalbumet til McCartney i 1970. Versjonen som McCartney spelte for resten for The Beatles i mai 1968 vart blant andre songar spelte in heime hos George Harrison i Kinfauns[1] før dei spelte inn The Beatles, og kom sidan ut på Anthology 3 den 22. oktober 1996. Arbeidstittelen var «Jubilee», og han var òg kjend som «Junk in the Yard».[1] Det første opptaket kom ut på McCartney som «Singalong Junk» og det andre opptaket var «Junk».[1]
Utanom at han ikkje har vokal, har «Singalong Junk» mellotronstrykarar og melodien vert spelt på eit piano. Songen har òg meir markante trommer.
Medverkande
endre- «Junk»
- Paul McCartney – solovokal, akustisk gitar, bassgitar, xylofon, trommer
- Linda McCartney – korvokal
- «Singalong Junk»
- Paul McCartney – akustisk og elektrisk gitar, bassgitar, piano, mellotron, trommer
Konsertversjonar
endre- McCartney spelte først «Junk» i Ghost Suite i Royal Albert Hall, den 3. november 2006.
- Songen kalla «Junk» på Unplugged (The Official Bootleg) er spelt utan vokal, og er slik sett i røynda «Singalong Junk».
Andre versjonar
endre- Sandie Shaw spelte inn ein versjon av songen som vart gjeven ut som bonusspor i 2004 til albumet hennar Reviewing the Situation frå 1969.[2]
- John Denver spelte inn songen i 1971 på albumet hans Poems, Prayers & Promises.[3]
- Cilla Black spelte inn songen i 1971 på albumet hennar Images som var produsert av George Martin.[4]
- Anne Sofie von Otter og Elvis Costello spelte inn songen, som ein del av ein medley med «Broken Bicycles» av Tom Waits, i 2001 på albumet deira For the Stars.[5]
- Etter å ha slutta i The Inbreds, gav vokalisten Mike O'Neill ut ein versjon av songen via nettsida si i 2003. Versjonen hans kom aldri ut på nokre av soloalbuma hans.
- Jazzvokalisten Sara Gazarek spelte inn songen på det andre albumet Return to You i 2007.[6]
- Jeff Lynne frå Electric Light Orchestra spelte inn songen i 2014 på albumet The Art of McCartney.[7]
- Jazzpianisten Brad Mehldau spelte inn songen i 2015 på samlealbumet 10 Years Solo Live.[8]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Junk (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Paul McCartney: Junk | The Beatles Bible». beatlesbible.com. Henta 25. april 2012.
- ↑ «Sandie Shaw – Reviewing The Situation». Discogs. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «Poems, Prayers & Promises - John Denver». AllMusic. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «Cilla Black – Images». Discogs. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «For the Stars (Anne Sofie von Otter Meets Elvis Costello) - Anne Sofie von Otter | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 18. november 2017.
- ↑ «Return to You - Sara Gazarek». AllMusic. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «The Art of McCartney - Various Artists». AllMusic. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «10 Years Solo Live - Brad Mehldau». AllMusic. Henta 17. mai 2018.