Juratskijbukta

Juratskijbukta (russisk: Juratskaja Guba) er ei bukt i Karahavet på kysten av Sibir i Russland. Ho ligg på Gydanhalvøya og er om lag 45 km lang og 30 km på det breiaste.

Kart som syner plasseringa til Juratskibukta

Bukta ligg aust for Khalmjerbukta, mellom estuara til elvane Ob og Jenisej, som er nokre av dei viktigaste elvane i Russland. Nord for bukta ligg øya Oleni.

Kysten av Juratskibukta er låg tundra og det er mange elvar som munnar ut her. Vintrane er lange og harde så bukta er islagd minst ni månader kvart år.

Busetnaden Matjujsale ligg på nordaustsida av bukta, like ved munningen. Bukta høyrer til Jamalo-Nenetsk autonome okrug.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra