Just a Little av The Beau Brummels
Just a Little Singel av The Beau Brummels frå albumet Introducing the Beau Brummels | ||
Utgjeve | April 1965 | |
Innspelt | 4. februar og 12. mars 1965 | |
Studio | Coast Recorders, Inc. i San Francisco i California | |
Sjanger | Garasjerock, folkrock | |
Lengd | 2:25 | |
Selskap | Autumn | |
Låtskrivar(ar) | Ron Elliott, Bob Durand | |
---|---|---|
Produsent | Sylvester «Sly Stone» Stewart | |
The Beau Brummels-kronologi | ||
«Laugh, Laugh» (1964) |
Just a Little | «You Tell Me Why» (1965)
|
«Just a Little» er ein song av den amerikanske rockegruppa The Beau Brummels. Songen kom ut på debutalbumet deira, Introducing the Beau Brummels i 1965, og vart gjeven ut som den andre singelen deira, etter «Laugh, Laugh». «Just a Little» vart den største hitten deira i USA og nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 i juni 1965. Han nådde òg topp 10 i Canada og Australia.
Songen var skriven av gitaristen Ron Elliott med samarbeidspartnaren Bob Durand, og innspelinga var produsert av Sylvester Stewart, seinare kjend som Sly Stone. Eit konsertopptak av songen frå 1974 kom ut i 2000 på albumet Live! «Just a Little» har blitt spelt av andre artistar som The Young Rascals, Nils Lofgren, The Smithereens og Frank Black.
Innhald
endre- 7"-singel
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Just a Little» | Elliott, Durand | 2:10 |
2. | «They'll Make You Cry» | Elliott | 3:03 |
Salslister
endreListe (1965) | Plassering |
---|---|
Australian Singles Chart | 10 |
Canadian Singles Chart | 4 |
U.S. Billboard Hot 100[1] | 8 |
U.S. Cash Box Top 100 Singles[2] | 7 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Just a Little (The Beau Brummels song)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Beau Brummels - Charts & Awards - Billboard Singles». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 24. august 2009.
- ↑ «Cash Box Top 100 6/12/65». cashboxmagazine.com. Henta 24. august 2009.