Opna hovudmenyen
Kålrot
Kålrot
Kålrot
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Brassiceae
Slekt: Kålslekta Brassica
Art: Raps B. napus
Underart: Kålrot B. n. rapifera
Vitskapleg namn
Brassica napus rapifera

Kålrot eller kålrabi (Brassica napobrassica eller Brassica napus var. napobrassica) er ei gamal kulturplante som har vore dyrka i Noreg frå midten av 1600-talet.

Planta høyrer til kålslekta og er nærskyld med kål, noko som går fram av namnet. Til skilnad frå mange andre kålsortar er det rotknollen av planta ein et og ikkje blada.

Kålrot

Kålrot er rund i fasong og storleiken kan variera frå små på under 1 kilogram til store på 3–4 kilogram. Fruktkjøtet er hardt og fast med ei lysegul farge. Kålrot er svært rik på C-vitamin og blir difor òg kalla for «Nordens appelsin». Kålrot har ein mild og fin kålsmak og er brukande til mange ulike retter.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Kålrot
  Denne landbruksartikkelen som har med mat å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.