Kål
Kål
Kål
Status
Status i verda: Datamangel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Brassiceae
Slekt: Kålslekta Brassica
Art: Kål B. oleracea
Vitskapleg namn
Brassica oleracea

Kål er eit mangetydig omgrep som blir brukt om ei slekt av grønsaker (kålslekta, sjå Brassica). Det kan òg brukast som del av namnet til grøne plantar som ikkje er i slekt med, men som minner om, kål. Omgrepet blir likevel mest brukt om store og små grønsaker som stammar frå villkål, og som alle høyrer til arten Brassica oleracea. Dei ulike kålslaga har lite til felles når det gjeld utsjånad, men dei har så godt som alle kål i namnet: hovudkål, kvitkål, grønkål, raudkål, rosenkål, savoikål, blomkål, brokkoli, knutekål og kålrot.

Bruk endre

 
Rosenkål.
 
Brokkoli.

Ulike plantedelar frå ulike kålplantar blir brukte til mat. Ein et stilken av knutekål og brokkoli, blomen av blomkål og romanesco, og blada til hovudkål.

Kålplantar kan etast rå, men er vanlegvis varmebehandla. Dei kan kokast lenge, som i matretten fårikål, eller kort, som i wokrettar.

Nokre artar med kvite eller lilla blad eller blomar kan òg dyrkast som prydplantar.

Opphav endre

Villkål, den opphavlege Brassica oleracea som alle kultivarane stammar frå, er ein toårig plante som i dag veks ved kysten sør og vest i Europa. Planten klarer seg godt i salt- og kalkhaldig jord, men trivst ikkje med konkurranse. Derfor veks han helst på ugjestfrie sjøklipper.

Dyrking endre

 
Kålåker.

Menneske tok til å dyrka villkålen, og fann fort ut at det var ei næringsrik grønsak som heldt seg lenge. Det blei ei viktig vintergrønsak, som etter kvart blei foredla til mange variantar med ulik smak, storleik, farge og veksemåte.

Kål blir helst dyrka tidleg og seint på året, ettersom det ikkje trivst med for mykje varme. Det finst tidlegkål, som blir mogne på rundt femti dagar og må etast raskt. Seinare kål bruker rundt åtti dagar på å veksa, og kan lagrast lenger.

Ordsoge endre

Ordet «kål» kjem opphavleg frå gresk kaulos, som tyder 'stilk'. I tillegg til at ein bruker ordet for grønsaker, særleg hovudkål, og rettar laga av dei, som surkål og fårikål, finst ordet òg i namn på plantar som ikkje blir nytta til matlaging. Nokre av desse er vårkål og skvallerkål.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kål