Kåre Lilleholt
Kåre Lilleholt (fødd 10. september 1952) er ein norsk professor i jus ved Universitetet i Oslo.
Kåre Lilleholt | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. september 1952 (72 år) |
Yrke | Jusprofessor |
Lilleholt blei cand. jur. ved UiO i 1979 og dr. juris. ved Universitetet i Bergen i 1986. Han har tidlegare vore professor ved UiB og Norges Handelshøyskole. Han har sidan 2006 vore professor ved Universitetet i Oslo og har også drive eigen advokatpraksis.
Lilleholt arbeider særleg innan felta formuerett, bustadrett, kontraktsrett og komparativ rett. Han har gitt ut ei rekkje bøker, og har blant anna vore redaktør for dei nyaste utgåvene av Knophs Oversikt over Norges rett, i tillegg har han sitet i fleire offentlege lovutval.
Han har også vore medlem av språkrådet, der han mellom anna har vore leiar av nynorskseksjonen.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Kåre Lilleholt i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- Heimeside ved UiO
- Lister opp publikasjonar av Kåre Lilleholt i biblioteksdatabasen BIBSYS[daud lenkje]
- Lister opp publikasjonar av Kåre Lilleholt i forskningsdokumentasjonssystemet FRIDA[daud lenkje]