Köroğlufjella
Köroğlufjella (tyrkisk Köroğlu Dağları) er ei fjellkjede nord i Tyrkia, nord for Ankara. Ho stig opp langs den nordanatoliske forkastninga og Svartehavet.
Köroğlufjella Köroğlu Dağları | |||
Fjellkjede | |||
Tåke i Bolu, nær Köroğlufjella
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Høgaste punkt | Köroğlu Tepesi | ||
- koordinatar | 40°40′0″N 31°47′0″E / 40.66667°N 31.78333°E | ||
Lengd | 400 km | ||
Köroğlufjella 40°40′00″N 31°47′00″E / 40.66666667°N 31.78333333°E | |||
Wikimedia Commons: Köroğlu Mountains |
Denne fjellkjeda kryssar provinsane Bolu, Çankırı og Çorum, og grensar til Sakaryaelva i vest og Kızılırmakelva i aust.[1]
Det høgaste punktet, sør for Bolu, er ein andesittisk formasjon som består av eit platå der det høgaste punktet i fjellkjeda, Köroğlu Tepesi, ligg på 2499 meter over havet. Denne staden har skogar med furu og gran, med store sommarengar og vakre yaylas (fjellhytter).
Nyleg er det opna to vintersportstader nær Köroğlu Tepesi: Kartalkaya og Sarialan, i høgder mellom 1900 og 2378 meter over havet.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Köroğlu Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 8. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Topographic map of Tyrkia (in JPG) Ankara University. Henta 8. august 2012.
- ↑ Köroğlu Dağları Arkivert 2010-10-29 ved Wayback Machine. Planetware.com. Henta 8. august 2012.