Kølabonn (uttala 'kølabånn' med tjukk l) er den austnorske nemninga på ein kolbotn, det vil seie ein plass i skogen der det har vorte framstilt trekol ved å varme opp ved i kolmiler (reismiler). Slik har ein gjort det i tida frå 1500-talet og framover, framfor alt frå innpå 1600-talet til fram på 1800-talet. På slike stader kan ein framleis finne spor etter aktiviteten i form av trekol i grunnen og andre restar. Etter lova om kulturminne er kølabonnar eldre enn 1537 freda utan at det trengst særskilde vedtak om freding.

Kolmila før veden er dekt til.
Kolmila er tent.

Framstillinga av trekol i kolmiler gjekk føre seg ved at store mengder ved frå skogen ikring vart stabla opp etter eit fastsett system, dekt med granbar og jord, og som fylgje av at noko av veden fekk brenne opp under kontrollert tilgang på luft, vart det varme nok til å setje i gang ein tørrdestilasjon av resten av veden, som på den måten vart omdanna til kol.

Mange kølabonnar er å finne i dei lutene av Vestmarka som ligg i kommunane Asker og Bærum i Akershus, for jarnverka Bærums Verk i Bærum og Dikemark jernverk i Asker trong mykje trekol til jarnproduksjonen då desse verksemdene var i drift frå 1600-talet og framover. Desse verka kunne krevje av bøndene at dei skulle produsere og levere trekol til dei, og trekolbrenninga og trekoltransporten sette mange menn i arbeid. Kølabonnane vart lagt attmed transportvegane til desse to jernverka, og vart nytta fast i fleire sesongar. Dei har ofte fått namn anten etter han som stod for kolbrenninga, etter namnet på den aktuelle garden, eller etter kjenneteikn ved sjølve staden, til dømes Persbonn etter Per, Ståvibonn etter garden Ståvi og så bortetter.

Tettstaden Kolbotn i Oppegård kommune i Akershus har namnet etter ein kølabonn, slik det avspeglar seg i den lokale tradisjonelle uttalen av namnet.

Litteratur endre

Sjå òg endre