Kura
Kura (georgisk მტკვარი - Mtkvari, aserbajdsjansk Kür) er ei elv i Kaukasus, som renn frå Tyrkia via Georgia til Aserbajdsjan, der ho møter elva Aras før ho renn ut i Kaspihavet. Den totale lengde hennar er 1 364 km.
Kura | |||
Mt'k'vari, Kür, Kyros | |||
elv | |||
Kura ved Mtskheta i Georgia
| |||
Land | Tyrkia, Georgia Aserbajdsjan | ||
---|---|---|---|
Region | Kaukasus | ||
Tilløp | |||
• venstre | Iori | ||
• høgre | Khrami | ||
Nedslagsfelt | 198 300 km² | ||
Byar | Khashuri | ||
Lengd | 1 515 km | ||
Vassføring | for like nedanfor samløpet med Aras | ||
• middel | 443 m³/s | ||
• maks | 2 250 m³/s | ||
• min | 206 m³/s | ||
Kjelde | Vesle Kaukasus | ||
- stad | Nær Kartsakhisjøen, Kars, Tyrkia | ||
• høgd | 2 740 moh. | ||
- koordinatar | 40°40′31″N 42°44′32″E / 40.67528°N 42.74222°E | ||
Munning | Kaspihavet | ||
- stad | Neftçala, Neftchala rajon, Aserbajdsjan | ||
- koordinatar | 39°19′32″N 49°20′07″E / 39.32556°N 49.33528°E | ||
Kura 40°50′01″N 42°49′12″E / 40.833554°N 42.820133°E | |||
Kart over nedslagsfeltet til Kura
| |||
Wikimedia Commons: Kura River |
Namnet Kura kjem av namnet «Kurosh», som er persisk uttale av namnet på den persiske kongen Kyros den store. I eldgamle vestlege dokument vart elva kalla Cyrus. Det georgiske namnet på elva er «Mtkvari», som tyder 'saktegåande'. Namnet «Kura» vart først brukte av russarane og seinare av europeiske kartografar.
Tidlegare var det mogeleg å segle på elva heilt opp til Tbilisi i Georgia, men ho er no mykje grunnare og saktegåande, sidan mykje av vatnet vert brukt til straumproduksjon. Elva er forholdsvis forureina på grunn av store industrisenter som Tbilisi og Rustavi i Georgia.
Det finst to andre elver med liknande namn, Kur nær Kursk i Russland, og ei anna Kur nær Khabarovsk, som òg ligg i Russland.
Kür i Aserbajdsjan
endreKür og Aras er dei største elvene i Aserbadsjan, og dei renn gjennom låglandet Küra-Arax. Elvene som renn direkte ut i Kaspihavet kjem frå dei nordaustlege fjellsidene i Store Kaukasus og Talysjfjella, og renn over låglanda Samur-Devechi og Lenkeran.
Kür (Mtkvari) sitt nedslagsfelt (86 000 km²) før ho renn i saman med Aras, er mindre enn Aras sitt nedslagsfelt (101 937 km²). Elva vert likevel framleis kalla Kura etter dei renn i hop fordi vassnivået i Kura er dobbelt så høgt som Aras sitt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kura River» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2007.