Kırkpınar, eller kırkpınar-oljebryting (frå tyrkisk «kırk» (førti), «pınar» (kjelde)[1]: kırkpınar yağlı güreşleri), er ei årleg turnering og festival for tyrkisk oljebryting. Turneringa er rekna som den lengstlevande sportslege hendinga i verda, med ei historie som går tilbake til midten av 1300-talet.[2][3] Sidan 1924 har konkurransane blitt arrangerte i den tyrkiske byen Edirne, nær grensa til Hellas.[1] I 2008 blei kırkpınar-området og Edirne tildelt EU sin «European Destinations of Excellence»-pris, og den 16. november 2010 blei kırkpınar-oljebryting ført opp på UNESCO si liste over viktig immateriell kulturarv.[4][3][5]

Kırkpınar

Bakgrunn

endre
 
Eldre bilete av brytarar i Edirne.
 
Oljebryting-turnering i Istanbul i 2006.
 
Statue av kırkpınar ağası, gullbeltevinnaren, Seyfettin Selim (vinnar 2010–2013, 2015–2016 og 2018–2023).

Kırkpınar har, ifølgje legenda, opphav frå 1357, under Orhan Ghazi sin kampanje for å omleire Rumelia. Sonen til Ghazi, Süleyman Paşa, erobra Edirne, og hans fortropp på førti soldatar tok ein pause nær Samona i notidas Hellas. Dei førti soldatane byrja å bryte i timesvis.[6] For dei to brørne Ali og Selim var det ikkje mogleg å slå kvarandre. Nokre år seinare braut de to brørne i Ahıköy, nær Edirne, til dei døydde av utmatting. Dei ble gravlagde på staden, som seinare fekk namnet «Kırkpınar» til minne om brørne, og det blei halde årlege bryteturneringar på staden.[1][6]

Etter Balkankrigane i 1913, blei området tapt til Hellas og turneringane blei haldne i Virantekke, som ligg mellom Edirne og Mustafapaşa.[6] Etter opprettinga av Den tyrkiske republikken har turneringa sidan 1924 blitt arrangert på Sarayiçi-halvøya i Edirne.[6] Turneringa har blitt halden kvart år, med unntak av i 2020 som følgje av koronapandemien. Ho blir vanlegvis arrangert mot slutten av juni, og varer normalt i ei veke.[2]

Turneringa

endre

Turneringa blir opna av leiaren, kırkpınar aga, med ein seremoni med band som spelar davul-trommer og zurna. Eit belte av gull blir bore i prosesjon gjennom byen, etterfølgd av bøner i Selimiye-moskéen. Brytarane blir introduserte for publikum og oljast opp.[5] Brytarane, pehlivan, kjempar for å vinne gullbeltet og tittelen «hovud-pehlivan».[5] Vinnaren av turneringa vinn gullbeltet i eitt år. Brytarar som har vunne turneringa tre år på rad, beheld gullbeltet sitt.[7] Å bli eigar av gullbeltet er høgdepunktet i karrieren til ein oljebrytar. Beltet består av 1 400 gram gull av 22 karat.[8]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «kirkpinar» i Store norske leksikon, snl.no.. Besøkt 10. september 2024.
  2. 2,0 2,1 (en) Guinness World Records. Oldest competition, Wrestling. Besøkt 10. september 2024.
  3. 3,0 3,1 (en) Edine kırkpınar. Besøkt 10. september 2024.
  4. (en) Tyrkias kultur- og turismedepartement. European Destinations of Excellence. Side 66–69
  5. 5,0 5,1 5,2 UNESCO. Kırkpınar oil wrestling festival. Besøkt 10. september 2024.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 (en) Edirne Kırkpınar. History. Besøkt 10. september 2024.
  7. (en) Edirne Kırkpınar. Wrestler. Besøkt 10. september 2024.
  8. (en) Edirne Kırkpınar. The Golden Belt. Besøkt 10. september 2024.

{

Bakgrunnsstoff

endre