pd5

K12

f1

Høgd over havet 7 428 m
Område Kashmir, India[1]
Fjellområde Saltorofjella, Karakorum
Skardhøgd 1 978 mfd2
Koordinatar 35° 19′ 17″ N, 76° 59′ 7″ AKoordinatar: 35° 19′ 17″ N, 76° 59′ 7″ A
K12 (Indien)
K12 (Indien)
K12
K12
Førsteklatring 1974, japanarane Shinichi Takagi og Tsutomu Ito
Normalrute Klatrerute over snø og is

K12 er det nest høgste fjellet i Saltorofjella, eit fjellområde i den indisk-kontrollerte delen av Karakorum. Fjellet ligg i grenseregionen mellom det pakistanske territoriet Gilgit-Baltistan og den indiske Kashmirregionen sørvest for Siachenbreen. Grensa er ikkje heilt fastlagd i detalj, men går truleg over toppen av K12. Namnet K12 kjem frå den første oppmålinga av Karakorum.

K12 ligg sørvest for Siachenbreen; ned over den nordaustlege sida av K12 flyt K12-breen og renn saman med Siachen. På vestsida av K12 renn breen saman med Bilafond-breane som vatnar Dansam River og til sist Indus.

Det er lite klatreaktivitet på K12, dels grunna det militære nærværet. Det første toppforsøket blei utført av Eric Shipton i 1960. Eit japansk taulag mislukkast i 1971, men i 1974 stod Shinichi Takagi og Tsutomu Ito som dei første på toppen. Begge omkom i ei fallulukke under nedstiginga. Året etter stod endå eit japansk lag på toppen. Som eit ledd i ein plan om å forhindre Pakistan frå å tilgang til Siachenbreen, tok den indiske hæren kontroll over toppen i 1984 og etter det er ingen toppforsøk registrert i Himalaya Index.[2]

Referansar endre

  1. India kontrollerer denne regionen av Kasjmir de facto, men Pakistan utfordrar Indias krav. Sjå til dømes The Future of Kashmir på websida til BBC.
  2. Himalaya Index

Litteratur endre

  • Jerzy Wala, Orographical Sketch Map of the Karakoram, Swiss Foundation for Alpine Research, 1990.
  • Jill Neate, High Asia: an illustrated history of the 7,000 metre peaks, The Mountaineers, 1989.