Kate Victoria «KT» Tunstall (fødd 23. juni 1975) er ein skotsk songar-låtskrivar og musikar.[1][2] Ho fekk først nasjonal merksemd i 2004 med ei soloframføring av songen «Black Horse and the Cherry Tree» på fjernsynsprogrammet Later... with Jools Holland.

KT Tunstall

Fødd23. juni 1975 (49 år)
FødestadEdinburgh
FødenamnKate Victoria Tunstall
OpphavStorbritannia
Aktiv2000–
Sjangerfolkemusikk
Instrumentgitar, piano, tverrfløyte, vokal
Stemmetypealt
PlateselskapBlue Note, Relentless Records
Verka somsongar-låtskrivar, komponist, songar, pianist, gitarist, plateartist, filmregissør
Gift medLuke Bullen
PrisarBrit Awards

Namnet på debutalbumet hennar, Eye to the Telescope, var inspirert av barndomsopplevingane hennar på fysikklaboratoriet til faren ved University of St Andrews. Albumet kom ut i 2004, og førte til nominasjonar til Mercury Prize i 2005, BRIT Award for Best British Live Act og BRIT Award i 2006 og Grammy Award for Best Female Pop Vocal Performance i 2007. Ho vann BRIT-prisen for beste britiske kvinnelege artist og European Border Breakers Award, begge i 2006. Singelen «Black Horse and the Cherry Tree» fekk Q Magazine Award for Best Track i 2005, og «Suddenly I See» vann Ivor Novello Award for Best Song i 2006. «Suddenly I See» blei ein populær hit, og blei brukt i The Devil Wears Prada, Blind Dating, Ugly Betty, Grey's Anatomy og Love, Rosie; Thrillville, og som kampanjesong for Hillary Clinton sin presidentvalkamp i 2008.[3][4]

Tunstall har gjeve ut sju studioalbum internasjonalt: Eye to the Telescope (2004), Drastic Fantastic (2007), Tiger Suit (2010), Invisible Empire // Crescent Moon (2013), Kin (2016), Wax (2018) og Nut (2022). Ho har òg vore med i to episodar av komedieserien This is JinsySky Atlantic.

Bakgrunn

endre

Tunstall voks opp i St Andrews i Fife, der ho var elev Lawhead Primary. Deretter gjekk ho på Madras College i St. Andrews og seinare High School of Dundee. Siste året av high school var ho ved Kent School i USA, ein internatskule i Kent i Connecticut.[5][6][7] Ho spelte som gatemusikant ved Church Street i Burlington i Vermont, og ved eit landleg bufellesskap i Vermont. Tunstall studerte ved Royal Holloway, University of London. Ho blei Bachelor of Arts i Drama & Music i 1996.[8] Royal Holloway gav henne ein æresdoktorgrad i vitskap i 2011 for arbeidet med miljøspørsmål som musikar.[9]

Musikkarriere

endre
 
Tunstall opptrer ved Cardiff University Student's Union i oktober 2005

Då ho var i tjueåra spelte Tunstall i indie-musikkgrupper som Elia Drew[10] og Tomoko. Ho fokuserte på songskriving, og opptredde med medlemmar av det nyskapte Fence Collective. Tunstall hadde budd saman med Gordon Anderson frå Beta Band og The Aliens, som songen «Funnyman» frå albumet Drastic Fantastic (2007) handlar om. Ho turnerte med klezmergruppa Oi Va Voi, og var med på det andre studioalbumet til gruppa, Laughter Through Tears (2003).

Debutalbumet hennar, Eye to the Telescope, kom ut i slutten av 2004, og kom inn på UK Albums Chart på 73. plassen.

Tunstall hadde ein soloopptreden på fjernsynsprogrammet Later... med Jools Holland, der ho framførte bluessongen «Black Horse and the Cherry Tree» .[11] Ho hadde berre 24 timar til å førebu seg etter at Nas hadde avlyst sin opptreden.[12]

Kort tid etter framsyninga på fjernsyn blei Eye to the Telescope gjeve ut att, og skaut opp på dei britiske topplistene. Det nådde 3. plassen, og blei sertifisert 5× platina av BPI.[13] Albumet blei nominert til Mercury Music Prize 2005. Det blei gjeve ut i USA 7. februar 2006.

Tunstall song med det skotske bandet Travis på albumet deira The Boy with No Name (2007), på sporet «Under the Moonlight».

Det andre studioalbumet til Tunstall, Drastic Fantastic, kom ut 3. september 2007 i Skottland, og ei veke seinare, 10. september, i London for Storbritannia, og så i USA 18. september. Den fyrste veka ute nådde albumet fyrsteplassen på den skotske albumlistane, tredjeplassen 3 på den britiske lista og 9. plassen på den amerikanske lista.[14] Den fyrste singelen frå albumet, «Hold On», kom ut i Storbritannia i august 2007, og debuterte på 34. plassen før han etterkvart nådde 21. plassen. Songen var òg svært vellykka i ein del europeiske land, og nådde 19. plassen i Italia og i Noreg, 26. plassen i Sveits og 39. plassen i Irland.[15][16] Den andre singelen frå albumet, «Saving My Face», kom ut i desember 2007. Songen nådde ikkje den britiske Topp 40-lista, men klarte å nå 50. plassen på UK Singles Charts, og var på topplista i tre veker. Sjølv om songen ikkje kom inn på UK Top 40, kom han inn på Topp 40 i Italia, der han nådde 23. plassen, medan han nådde 93. plassen i Sveits.[17][18]

I 2008 spelte Tunstall inn ein song til albumet Songs for Survival, som var til støtte for ein organisasjon for urfolksrettar, Survival International.[19][20]

Tunstall samarbeidde med Suzanne Vega på det sjuande studioalbumet hennar, Beauty & Crime (2007), der ho song bakgrunnsvokal på songane «Zephyr and I» og «Frank and Ava».

Den 11. februar 2010 rapporterte Daily Record at Tunstall hadde spelt inn det nye album i Hansa Tonstudio i Berlin.[21] Studioet var blitt brukt til å lage legendariske studioalbum som David Bowie sitt "Heroes" (1977) og U2 sitt Achtung Baby (1991). Det tredje albumet hennar heitte Tiger Suit, og kom ut i Storbritannia den 27. september 2010 og i USA den 5. oktober 2010.[22]

Den 20. mars 2013 kunngjorde Tunstall at den fjerde studioalbumet hennar skulle heita Invisible Empire // Crescent Moon. Albumet er blitt rekna som hennar beste av mange kritikarar, og det mest melankolske albumet hennar til dags dato. Titttelen speglar dei to songene ho spelte inn med songaren og produsenten Howe Gelb i 2012. Invisible Empire, som blei spelt inn i april, er den melankolske halvdelen som tek for seg døden til far hennar og temaet dødelegheit, medan Crescent Moon, spelt inn i november 2012, har songar som er meir eteriske. Desse 13 songane utgjer eit album som Tunstall har skildra som «frå hjartet», inspirert av skilsmissa hennar frå Luke Bullen og døden til faren.

I 2013 samarbeidde Tunstall med Gelb att i Tucson i Arizona om det tjuefyrste albumet hans, The Coincidentalist, og spelte inn duetten «The 3 Deaths of Lucky».[23]

Over eit år etter at ho hadde gjeve ut albumet sitt forlet Tunstall Edinburgh for å flytta til Los Angeles og byrja ei ny karriere som filmmusikkomponist. Ho studerte på Skywalker Ranch,[24] og var deretter komponist og artist på:

  • «Miracle» til filmen Winter's Tale, med Colin Farrell, Russell Crowe og Will Smith. Songen kom ut 14. februar 2014.
  • «We Could Be Kings», skriven med A.R. Rahman til Disney-filmen Million Dollar Arm, kom ut 14. mai 2014. Songen er med på Million Dollar Arm: Original Motion Picture Soundtrack, som også har songar av Iggy Azalea, Sukhwinder Singh og andre.
  • «Float», «Strange Sight» og ein duett med Bleu, «1000 Years», til den britiske versjonen av Disney sin Tinker Bell and The Legend of the NeverBeast. Dei kom ut 19. februar 2015.
  • «Fit It» til filmen About Ray frå 2015, med Naomi Watts, Elle Fanning og Susan Sarandon.

16. juni 2016 gav Tunstall ut Golden State EP. Han omfatta singelen «Evil Eye» og ein remix av denne, i tillegg til to andre spor: «All or Nothing» frå den franske TV-serien Sam[25] og «The Healer». Tunstall gav ut det femte studioalbumet sitt, Kin, den 9. september 2016.[26][27] Albumet var produsert av Tony Hoffer, og spelt inn i Los Angeles.[28] Det kom ut fire singlar frå dette albumet: «Maybe It's a Good Thing», «Hard Girls» der Melanie C frå Spice Girls var med, «Love Is an Ocean» og «It Took Me So Long to Get Here, But Here I Am».

I 2017 kunngjorde Tunstall at ho ville gje ut ein albumtrilogi som tok for seg temaa sjel, kropp og sinn.[29] Kin var det fyrste albumet i trilogien, med temaet sjel. Ho gav ut den andre, Wax, med temaet kropp, den 5. oktober 2018.[30][31][32]

Tunstall kunngjorde at det sjuande studioalbumet sitt, det tredje og siste albumet i trilogien Soul, Body and Mind, skulle heita Nut. Albumet kom ut 9. september 2022.[33] Den fyrste singelen frå albumet, «Canyons», kom ut 1. juni 2022.[34]

11. august 2023 gav Tunstall ut eit album med duettar i lag med Suzi Quatro med tittelen Face to Face.[35] Etter å ha funne at dei begge var fans av kvarandre, blei dei sett i kontakt med kvarandre av ein felles ven.[36]

Diskografi

endre

Studioalbum

  • Eye to the Telescope (2004)
  • Drastic Fantastic (2007)
  • Tiger Suit (2010)
  • Invisible Empire // Crescent Moon (2013)
  • Kin (2016)
  • Wax (2018)
  • Nut (2022)
  • Face to Face (2023, med Suzi Quatro)

Prisar og nominasjonar

endre
År Organisasjon Pris Nominert verk Resultat
2005 Q Awards Best Track "Black Horse and the Cherry Tree" Vinnar
BBC Sound of 2005 Sound of 2005 (Sixth) Herself Nominert
Mercury Music Prize Album of the Year Eye to the Telescope
2006 European Border Breakers Awards UK Vinnar
Ivor Novello Awards Best Song Musically and Lyrically "Suddenly I See"
Scottish Style Awards Most Stylish Band or Musician Herself
Brit Awards Best British Female Artist
Best British Breakthrough Nominert
Best British Live Act
World Music Awards World's Best New Artist
World's Best Pop/Rock Artist
2007 Grammy Awards Best Female Pop Vocal Performance "Black Horse and the Cherry Tree"
BMI London Awards Pop Award Vinnar
"Suddenly I See"
2008
"Other Side of the World"
Brit Awards Best British Female Artist Herself Nominert
UK Music Video Awards Best Telecine "If Only" Vinnar
2016 Music Week Awards Inspirational Artist of the Year Herself
2017 Hollywood Music in Media Awards Original Song – Animated Film "You Will Always Find Me in Your Heart" Nominert

Kjelder

endre
  1. McNeish, Cameron (2 July 2014). «KT Tunstall | Luck Is Being Ready». The Scots Magazine (D.C. Thomson & Co. Ltd.). Arkivert frå originalen 11. januar 2016. Henta 31. desember 2015. 
  2. McLean, Craig (14 September 2010). «KT Tunstall interview». The Telegraph. Arkivert frå originalen 11. januar 2016. Henta 31. desember 2015. 
  3. «Suddenly I See by KT Tunstall». Arkivert frå originalen 11 January 2016. Henta 2 January 2016. 
  4. Lyons, Beverly (1 July 2012). «The View song chosen for Nike's new ad campaign». Daily Record. Arkivert frå originalen 11. januar 2016. Henta 2 January 2016. 
  5. Blanks, Tim. «KT Tunstall». Arkivert frå originalen 4 December 2005. Henta 29 August 2007. 
  6. Guarino, Mark. «KT Tunstall: Never Going Home». Arkivert frå originalen 26 September 2007. Henta 30 August 2007. 
  7. Thomason, Carmel "KT's got one eye on the future", Manchester Evening News, 10 March 2005.
  8. «Notable alumni: KT Tunstall (1975–)». Royal Holloway, University of London. Arkivert frå originalen 11 January 2016. Henta 31 December 2015. 
  9. «Singing sensation and distinguished composer receive honorary degrees». Royal Holloway, University of London. Arkivert frå originalen 11 January 2016. Henta 1 January 2016. 
  10. «Elia Drew». Arkivert frå originalen 12 October 2007. Henta 11 April 2023. 
  11. «KT ecstatic at Brit Award success». BBC News. 16 February 2006. Arkivert frå originalen 31 July 2012. Henta 29 August 2007. 
  12. «Almost Famous: By the end of the summer KT Tunstall will be huge, having played Glastonbury and T in the Park. In the meantime, she's waiting for the world to catch up». Arkivert frå originalen 11 September 2017. Henta 29 August 2007. 
  13. «British salstrofé – KT Tunstall – Eye to the Telescope». British Phonographic Industry.  Enter Eye to the Telescope in the field Search. Select Title in the field Search by. Click Go
  14. «KT Tunstall – Drastic Fantastic Home». Kttunstall.com. Arkivert frå originalen 7 February 2009. Henta 19 February 2011. 
  15. «KT Tunstall – Hold On – Music Charts». Acharts.us. Arkivert frå originalen 18 December 2010. Henta 4 May 2010. 
  16. «KT Tunstall – Hold On». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 5 April 2015. Henta 4 May 2010. 
  17. «KT Tunstall – Saving My Face – Music Charts». Acharts.us. Arkivert frå originalen 29 February 2012. Henta 4 May 2010. 
  18. «KT Tunstall – Saving My Face». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 25 September 2015. Henta 4 May 2010. 
  19. «Songs for Survival». Survival International. Arkivert frå originalen 21 February 2011. Henta 19 February 2011. 
  20. «Will.I.Am. Teams Up With KT Tunstall And Bruce Parry for a New Fundraising Album | AHN». Allheadlinenews.com. Arkivert frå originalen 18 September 2008. Henta 4 May 2010. 
  21. «KT Tunstall to play gig in aid of Haiti earthquake victims». Arkivert frå originalen 9 June 2011. Henta 24 February 2010. 
  22. «KT Tunstall Shows Off Claws on 'Tiger Suit'». Billboard. 5 September 2010. Arkivert frå originalen 12 May 2018. Henta 1 May 2017. 
  23. Gallacher, Alex. «Howe Gelb – The Coincidentalist». Arkivert frå originalen 21 August 2016. Henta 4 August 2016. 
  24. «KT Tunstall reveals how she has joined Hollywood's music elite after studying at Star Wars director's ranch». PBS. Arkivert frå originalen 30 December 2014. Henta 30 December 2014. 
  25. «"Sam" La confusion des sentiments (TV Episode 2016) – Soundtracks». IMDb. Henta 18 July 2016. 
  26. «KT Tunstall Releases New Video for Evil Eye From 'Golden State' EP, Out Now». Arkivert frå originalen 10 August 2016. Henta 24 June 2016. 
  27. «KT Tunstall Announces New Album KIN». Arkivert frå originalen 15 August 2016. Henta 18 July 2016. 
  28. «KT Tunstall Announces New Album 'KIN' to Be Released 9/9». Arkivert frå originalen 18 August 2016. Henta 18 July 2016. 
  29. Warren, Bruce. «Listen To KT Tunstall's Anthemic 'The River' From Her Forthcoming Album, 'WAX'». Arkivert frå originalen 23 August 2018. Henta 23 August 2018. 
  30. Nuttall, James. «Music interview: KT Tunstall». Arkivert frå originalen 24 September 2017. Henta 23 September 2017. 
  31. Golder, Paul. «Standon Calling 2017: KT Tunstall». Arkivert frå originalen 24 September 2017. Henta 23 September 2017. 
  32. Stickler, Jon. «KT Tunstall Shares The River From Upcoming Sixth Studio Album 'Wax'». Arkivert frå originalen 23 August 2018. Henta 23 August 2018. 
  33. «KT Tunstall Announces New Album Nut First Single Out Today!». Henta 15 June 2022. 
  34. «Canyons – Single by KT Tunstall». Henta 15 June 2022. 
  35. Cashmere, Paul (23. august 2023), «Suzi Quatro and KT Tunstall Have Made An Album Together for Sun Records», Noise11.com (på engelsk), henta 1. september 2023 
  36. Graff, Gary. «Suzi Quatro gets 'Face to Face' with KT Tunstall on new duo album». Henta 11 August 2023.