KV «Svalbard»
KV Svalbard (venstre) til kai i Longyearbyen.
Foto: Erlend Bjørtvedt

KV «Svalbard» er det største fartøyet i Kystvakta og Sjøforsvaret. Ho har eit mannskap på 40 befal og 42 vernepliktige fordelt på to besetningar. Fartøyet er ein havgåande isbrytar med kapasitet til å ta skip opp til 100 000 tonn på slep. Fartøyet er utstyrt med ABC-vernekapasitet og kan «stenge ned» ventilasjonen for å operere over lengre tid i område som er ureina av kjernefysisk våpenbruk. Hovudoperasjonsområdet til fartøyet er det nordlege Barentshavet og ho høyrer til Ytre Kystvakt ved Kystvaktskvadron Nord.

FaktaEndra

  • Besetning fartøy: 20 befal og 28 vernepliktige (avvik frå tala over kan skuldast andre turnusordningar for meinige)
  • Besetning helikopter: 4 stk
  • Lengd over alt: 103,7 m
  • Største breidd: 19,1 m
  • Deplasement: 6500 t
  • Største djuptgåande: 6,5 m
  • Maks fart: 17 knop
  • Marsjfart: 12 knop

HistorieEndra

Det var ein lang prosess å få bygd KV «Svalbard», og fartøyet byggjer på lang erfaring og mykje utvikling innanfor Kystvakta.

HelikopterEndra

KV «Svalbard» har hangar til to helikopter og helikopterdekk. Helikopteret er av typen Lynx og høyrer til 337-skvadronen stasjonert på Bardufoss. Helikopterparken vil bli erstattet med nye NH90 i perioden 2009-2012

BakgrunnsstoffEndra

Forsvarsnett om KV «Svalbard»

KjelderEndra