KV «Svalbard»
KV «Svalbard» er det største fartøyet i Kystvakta og Sjøforsvaret. Ho har eit mannskap på 40 befal og 42 vernepliktige fordelt på to besetningar. Fartøyet er ein havgåande isbrytar med kapasitet til å ta skip opp til 100 000 tonn på slep. Fartøyet er utstyrt med ABC-vernekapasitet og kan «stenge ned» ventilasjonen for å operere over lengre tid i område som er ureina av kjernefysisk våpenbruk. Hovudoperasjonsområdet til fartøyet er det nordlege Barentshavet og ho høyrer til Ytre Kystvakt ved Kystvaktskvadron Nord.
Fakta
endre- Besetning fartøy: 20 befal og 28 vernepliktige (avvik frå tala over kan skuldast andre turnusordningar for meinige)
- Besetning helikopter: 4 stk
- Lengd over alt: 103,7 m
- Største breidd: 19,1 m
- Deplasement: 6500 t
- Største djuptgåande: 6,5 m
- Maks fart: 17 knop
- Marsjfart: 12 knop
Historie
endreDet var ein lang prosess å få bygd KV «Svalbard», og fartøyet byggjer på lang erfaring og mykje utvikling innanfor Kystvakta.
- Åra 1989–1993: Forstudie.
- 1. august 1993: Starta formelt som eige prosjekt i Sjøforsvarets Forsyningskommando (SFK).
- 28. september 1994: Namnet KV «Svalbard» bestemt.
- 15. desember 1999: Inngåing av kontrakt.
- 5. mai 2000: Brennestart av stålplater.
- 9. august 2000: Start av kjølstrekkjing.
- 17. februar 2001: Skroget vart sjøsett.
- 20. februar 2001: Skroget kom til Langsten, sør av Molde.
- 15. desember 2001: Overtaking og dåp.
Helikopter
endreKV «Svalbard» har hangar til to helikopter og helikopterdekk. Helikopteret er av typen Lynx og høyrer til 337-skvadronen stasjonert på Bardufoss. Helikopterparken vil bli erstattet med nye NH90 i perioden 2009-2012
Bakgrunnsstoff
endreForsvarsnett om KV «Svalbard» Arkivert 2005-11-21 ved Wayback Machine.