Kaare Strøm (1902–1967)

Kaare Strøm (23. juli 190228. februar 1967) var ein norsk limnolog og reiste faget, som er læra om innsjøar og rennande vatn, som nytt universitetsfag i Noreg. Han vart den første norske professoren innan faget, og oppretta i 1946 Limnologisk institutt ved Universitetet i Oslo, i tillegg til at han markerte seg internasjonalt.

Kaare Strøm

FøddKaare Knutsson Münster Strøm
23. juli 1902
Nord-Aurdal kommune
Død28. februar 1967
Aarhus
NasjonalitetNoreg
Yrkelimnolog, geograf, botanikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Han tok doktorgraden i 1927 og vart professor i geografi ved Universitetet i Oslo i 1947, og frå 1962 i limnologi. Strøm studerte først ferskvassalgar, og seinare limnologi og geomorfologi. Han undersøkte dei fysiske og kjemiske tilhøva i dei norske innsjøane, samt termikken og geomorfologien deira, og leverte viktige bidrag til studiet av stagnerte vassmassar i det indre av fleire fjordarmar. Han arbeidde òg med spørsmålet om utviklinga av landoverflata i Noreg.

Strøm var formann i Biologisk selskap frå 1934 til 1935, Norsk geologisk forening i 1944–1945 og Norsk geografisk selskap 1948–1949. Frå 1943 var han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, der han som 18-åring hadde fått publisert det første vitskaplege arbeidet sitt. Han døydde i 1967 under eit opphald som gjesteprofessor ved Århus universitet.

Utgjevingar (utval)

endre
  • The phytoplankton of some Norwegian lakes, VSK Skr. I 1921 nr. 4, 1921
  • Norwegian Mountain Algae. An account of the biology, ecology and distribution of the algæ and pelagic invertebrates in the region surrounding the mountain crossing of the Bergen railway, doktoravhandling, DNVA Skr. I 1926 nr. 6, 1926
  • Hvert fylke sit vaapen i 1930, i BTid. 2.2.1939
  • Tyrifjord. A limnological study, DNVA Skr. I 1932 nr. 3, 1932
  • Nordfjord lakes. A limnological survey, ibid. 1932 nr. 8, 1933
  • Flakevatn. A semi-Arctic lake of central Norway, ibid. 1934 nr. 5, 1934
  • Bessvatn and other lakes of eastern Jotunheim, ibid. 1935 nr. 4, 1935
  • Land-locked Waters. Hydrography and bottom deposits in badly-ventilated Norwegian fjords, ibid. 1936 nr. 7, 1936
  • Hadeland lakes. A limnological outline, ibid. 1941 nr. 7, 1942
  • Lakes with stagnant deeps. The meromictic lake type in Norway and the question of measuring productivity hypolimnetic oxygen deficit, DNVA Skr. I 1945 nr. 7, 1945
  • Mandatfordelingen ved stortingsvalg. En utregningsmåte som sikrer forholdsmessighet innen rammen av de nåværende grunnlovsbestemmelser, 1945
  • Geophysiography. A synthesis of earth sciences, DNVA Avh. I Ny serie nr. 4, 1962

Kjelder

endre

«Kaare Strøm» i Store norske leksikon, snl.no.