Nord-Aurdal kommune

kommune i Innlandet fylke, i Valdres landskap og dalføre, i Norge

Nord-Aurdal er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar i nordaust til Gausdal og Nordre-Land, i aust til Etnedal, i søraust til Sør-Aurdal, i sørvest til Gol, i vest til Hemsedal, og i nordvest til Vestre Slidre og Øystre Slidre.

Nord-Aurdal kommune
kommune
Utsyn over Strandefjorden, med Fagernes til høgre
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Fagernes
Areal 907 km²
 - land 853 km²
 - vatn 54 km²
Folketal 6 562  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Knut Arne Fjelltun[1] (Sp)
Kommunenr. 3451
Kart
Nord-Aurdal
60°57′35″N 9°15′51″E / 60.959722222222°N 9.2641666666667°E / 60.959722222222; 9.2641666666667
Wikimedia Commons: Nord-Aurdal
Nettstad: www.nord-aurdal.kommune.no

Kommunen ligg i Valdres i det sentrale Sør-Noreg, mellom Hallingdal, Gudbrandsdalen og Land.

Snøsøte, som er stilisert avbilda på kommunevåpenet

Folkesetnad endre

Om lag halvparten av nord-aurdølane bur i tettstadene Fagernes (1767 inb.), Leira (792 inb.) og Aurdal (718 inb.).

Mål endre

Det tradisjonelle målføret i kommunen er valdresmål. Målform i kyrkje og skule skiftar mellom dei ulike bygdene.

Geografi endre

Dei største innsjøane er Tisleifjorden, Ølsjøen, Strondafjorden (delt med Vestre Slidre), Aurdalsfjorden og Steinsetfjorden (delt med Etnedal). Elva Tisleia kjem frå Tisleifjorden og renn inn i Ølsjøen, mens ut or denne renn Åbjøra (regulert) til Aurdalsfjorden.

Valdres dannar kjeldene til Begnavassdraget, og elva Begna renn gjennom store delar av dalen. Den fører hovuddelen av tilsiget til Strondafjorden og har utlaup frå den og til Aurdalsfjorden. Derifrå renn elva søraustover til Sperillen.

Høgaste punkt i kommunen er Djuptjernkampen med ei høgd på 1325 meter over havet. Om lag 50 % av kommunen ligg meir enn 900 meter over havet. Kommunens lågaste punkt er 410 meter over havet.

Nord-Aurdal måler 52.4 km på nord-sør-aksen og 43.3 km på aust-vest-aksen.

Næringsliv endre

Primærnæringane er framleis den viktigaste næringa i kommunen. I tillegg til offentleg sektor og tenesteytande næringar så er turistnæringa også betydeleg med mellom anna Valdres skisenter og Valdres alpinsenter.

Det store friluftsmuseumet Valdres Folkemuseum ligg på halvøya Storeøya på Fagernes.

Utdanning endre

Kjende folk frå Nord-Aurdal endre

 
Utsyn over Nord-Aurdal frå Tonsåsen, Fv33

Kjelder endre

  1. «Ordførerskiftet». nord-aurdal.kommune.no. 14.10.2019. 

Bakgrunnsstoff endre