Opna hovudmenyen

Kaare Strøm (18. april 191529. juni 1982) var ein norsk friidrettsutøvar og apotekar. Han tevla både i tresteghopp og lengdehopp. Tre gongar gjekk han til topps i øvingar i noregsmeisterskap; to gull kom i tresteggropa og eitt i lengdegropa. Strøm var fødd i Stavanger og voks opp i Arendal, der han sidan var busett. Far hans var apotekar i byen, og Strøm tok i si tid over praksisen. Han var medlem av IK Grane.

Kaare Strøm (1915–1982)
Fødd 18. april 1915
Død

29. juni 1982

Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

Strøm kom på sølvplass i tresteghopp både under NM 1934 og NM 1935, begge gongane vart Eugen Haugland noregsmeister. I 1938 vart Strøm noregsmeister i øvinga, ein prestasjon han gjentok året etter. Same året, i august 1939, sette han europarekord i trestehopp på Bislett stadion. Hoppet målte 15,49 meter, og var ein centimeter lengre enn finske Vilho Tuulos sin gamle rekord. Strøm hoppa heile 15,82 m i september 1939 i Göteborg, men vinden målte i kring 8 m/s og det vart såleis ikkje godkjent som rekord.

Strøms personlege rekord i lengdehopp på 7,46 m sette han på Bislett i september 1937. Han tok sølvmedaljen i lengdehopp under NM 1938, bak Nils Uhlin Hansen. Under NM 1939 gjekk han til topps både i tresteg og i lengde, i lengdehopptevlinga vann han gull framom Hansen og Haugland.

Også etter andre verdskrigen deltok Strøm i friidrettstevlingar. Han kom på bronseplass i tresteg i NM 1947, og erobra sølvet i same øvinga i NM 1949, bak Rune Nilsen.

Strøms 15,49 m var norsk rekord i tresteghopp til Odd Bergh hoppa 15,63 m i 1962.

KjelderEndra