Karen «Kaja» Marie Ebbell (16. februar 18371905) var ein norsk omsetjar, forfattar og språklærar.[1]

Kaja Ebbell
Pseudonym Ebba
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. februar 1837
Grimstad
Død

1905 (68 år)
Drammen kommune

Yrke omsetjar, skribent, lærar

Familie endre

Kaja Ebbell var fødd i Grimstad som dotter av kjøpmann Jørgen Bendix Ebbell og Inger Bie. Ho vart verande ugift.

Liv og virke endre

Kaja Ebbell vaks opp i fødebyen Grimstad. I 1870-åra var ho privatlærarinne i Lillesand.[2] I 1880-åra dreiv ho ein tilsvarande praksis i Grimstad, der ho gav elevar undervising i engelsk og tysk.[3]

Ho gjorde seg mest notert som omsetjar, og omsette fleire forteljingar og oppbyggelege verk frå engelsk til norsk. Dei mest kjende av desse var Sir Evelyns Myndling av Margaret Isabella Arden og Edith Vernons Livsgjerning.[4]

Ebbell skreiv òg boka Et skjæbnesvangert Løfte, som ho gav ut under psevdonymet Ebba i 1887. Ho skreiv dessutan føljetongar til fleire aviser.[5]

Ho gav òg ut ein Kristelig Kalender, med forord av presten August B. Jahnsen.[6]

Bibliografi endre

  • 1887: Et skjæbnesvangert Løfte, Kristiansand
  • 1905: Kristelig Kalender, Johs. Bjørnstads Forlag

Kjelder endre

  1. SAK, Fjære sokneprestkontor, F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1827-1839, s. 90
  2. «Studenterne fra 1879 : biografiske meddelelser samlede i anledning af deres 25-aars studenterjubilæum», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  3. «Grimstad Adressetidende, onsdag 1. oktober 1884», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  4. «Morgenbladet, tirsdag 4. juli 1905», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  5. «Grimstad Adressetidende, tirsdag 4. juli 1905», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  6. «Agder, tirsdag 25. april 1905», www.nb.no, henta 13. november 2021 

Litteratur endre