Kajsa Bergqvist

Kajsa Margareta Bergqvist (fødd 12. oktober 1976) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Sollentuna. Ho spesialiserte seg på høgdehopp, og vart europameister i 2002 og verdsmeister i 2005. Elles vann ho fire bronsemedaljar i ulike VM, OL og EM i tida 2000-06. Bergqvist er 175 cm høg og vog 59 kg då ho var aktiv.

Kajsa Bergqvist
Kajsa Bergqvist på Idrottsgalan 2013.jpg
Fødd 12. oktober 1976 (44 år)
Sollentuna kommun
Yrke friidrettsutøvar
Kajsa Bergqvist på Commons
Kajsa Bergqvist i 2006

AktivEndra

Bergqvist melde seg for alvor på i verdseliten i høgdehopp under VM i friidrett 1997. Ho vart nummer fem i meisterskapstevlinga, som vart vunnen av norske Hanne Haugland. To år seinare kom Bergqvist på delt fjerdeplass i VM, saman med to andre utøvarar.

Sitt store internasjonale gjennombrot fekk ho under dei olympiske leikane i Sydney i 2000, Bergqvist vann bronsemedaljen. Etter å vunne verdsmeisterskapen innandørs i 2001, tok ho ein ny bronsemedalje under VM i friidrett 2001 i Edmonton.

Gjennom 2002-sesongen deltok ho i 17 tevlingar og vann 14 av dei. Høgdepunktet kom då ho vart europameister i München, der ho vann med heile seks centimeters margin. Året etter sette ho personleg rekord med 2,06 m den 26. juli 2003 under ei høgdehopp-tevling i i Eberstadt. Ein månad seinare kopierte ho i Paris medaljefangsten frå førre VM og tok ein ny VM-bronse. Heile OL-sesongen 2004 gjekk ho skadd.

I 2005-sesongen kom ho sterkt tilbake og opplevde sin største triumf under friidretts-VM i Helsingfors. Her vann ho gullmedaljen med 2,02 m, hennar beste meisterskapsresultat. For denne prestasjonen vart ho tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje.

Den 4. februar 2006 hoppa Bergqvist 2,08 meter innandørs i Arnstadt. Dermed forbetra ho tyske Heike Henkel sin innandørs verdsrekord med ein centimeter. Om sommaren same året var ho største favoritten under europameisterskapen 2006 i Göteborg, men etter ein finale med mange gode prestasjonar var det belgiske Tia Hellebaut som overraskande vann gullet, Bergqvist kom på bronseplassen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra