Kalevi Oikarainen

Kalevi Oikarainen (fødd 27. april 1936) er ein finsk tidlegare langrennar frå Kuusamo som vart verdsmeister på 50 km i 1970.

Kalevi Oikarainen
Statsborgarskap Finland
Fødd 27. april 1936
Kuusamo
Død

14. august 2020 (84 år)
Kuusamo

Yrke langrennsløpar
Språk finsk
Høgd 170 centimeter

Oikarainen slo gjennom då han i 1959 vann ein klar siger på 15 km i Holmenkollen. Tre år seinare vart han nummer tre på 15 km i Lahti. I 1965 vann han nettopp 15 km i Lahti.

Fyrst under Ski-VM 1966 i Oslo fekk Oikarainen sin meisterskapsdebut, med ein 11. plass på 30 km. Ei veke etter gjekk han den fyrste etappen for det finske laget som sikra seg sølvmedalje i 4 x 10 km stafett, klart slått av Noregs fire utvalde løparar. Laget bestod elles av Hannu Taipale, Kalevi Laurila og Eero Mäntyranta. Dei same fire utøvarane vann bronsemedaljar på stafetten under Vinter-OL 1968 i Grenoble, der Oikarainens beste individuelle plassering var sjuandeplassen på tremila. Seinare i OL-sesongen vart han andremann på 30 km i Svenska skidspelen i Falun og i 1969 kom han på tredjeplass på 15 km i Lahti.

Ved Ski-VM 1970 i Strbske Pleso i dåverande Tsjekkoslovakia vart Oikarainen nummer 12 på opningsdistansen 30 km. Avslutningsdagen i meisterskapen overraska han med å vinne gullmedaljen på femmila, eit halvt minutt framom Vjatsjeslav Vedenin. Med tredjeplass på 15 km og andreplass på 50 km stadfesta Oikarainen den gode forma då Lahti-spelen 1970 gjekk av stabelen få veker etter verdsmeisterskapen. Han fekk gå 50 km under Vinter-OL 1972 i Sapporo, men braut løpet.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar