Tver oblast

(Omdirigert frå Kalinin oblast)

Tver oblast, (russisk Тверская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Tver, arealet er 84 100 km² og innbyggjartalet er 1 353 000 (2010). Fram til 1990 heitte provinsen Kalinin oblast.

Tverskaja oblast
   

Tver oblast sitt flagg
Tver oblast sitt flagg
Tver oblast sitt våpen
Tver oblast sitt våpen
Tver oblast sitt flagg Tver oblast sitt våpen
Tver oblast på kartet over Russland
Hovudstad Tver
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 40.

84 100 km²
1,9

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 33.

ca. 1 353 000[1] (2010)
ca. 16,1/km²

Føderalt distrikt Sentrale
Økonomisk region Sentrale
Regionsnummer 69
Offisielt språk Russisk
Guvernør Andrej Vladimirovitsj Sjeveljov
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0300

Geografi endre

Tver oblast består stort sett av flatt slettelandskap ved dei øvre delane av bassenget til elva Volga, nordvest i Russland. I vest ligg det høgdedrag som når til om lag 340 meter over havet. Det er over 500 innsjøar i provinsen. Middeltemperaturen i januar er frå -9 til -17 grader celsius, i juli 17 til 18 grader celsius.

Demografi endre

 
Byen Rzjev i Tver oblast, tidleg på 1900-talet.

Folketalet var 1 353 000 i 2010. Dette er ein nedgang på 18,6 % frå 1 663 122 i 1989. 74,7 % av folket bur i byar. Den einaste store byen er Tver, med 403 600 ibuarar (2010). Ved folketeljinga i 2010 var 86,6 % etniske russarar. Dei største minoritetsgruppene var ukrainarar (1,2 %), armenarar (0,6 %) og karelarar (0,5 %).[1]

Politikk endre

Ved valet til provinsforsamlinga 18. desember 2005, kom seks parti over sperregrensa på 5 %:

Historie endre

Området som i dag utgjer Tver oblast er ein del av det gamle russiske kjerneområdet. Det var del av Kiev-riket (Rus) frå 800-talet av, og seinare underlagt Novgorod. Byen Tver skal ha blitt grunnlagt i 1135. Han er først nemnt i krøniker frå 1208. I 1247 vart byen senter for storfyrstedømet Tver. På 1300- og 1400-talet var dette fyrstedømet eit av dei mektigaste i Russland, og konkurrerte om makta i Russland med Novgorod og Moskva. I 1485 vart byen og området underlagt Moskva. I 1775 vart byen hovudstad i sitt eige guvernørat. Under den russiske revolusjonen kom området raskt under sovjetisk kontroll, alt i oktober 1917. Byen Tver skifta namn til Kalinin i 1931, etter Mikhail Kalinin, statsoverhovudet i Sovjetunionen frå 1919 til 1946, som var fødd i området. 29. januar 1935 vart Kalinin oblast, dagens Tver oblast, oppretta. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyske styrkar frå oktober til desember 1941 og mykje øydelagd. Etter kommunismens fall fekk byen igjen namnet Tver i 1990, og provinsen skifta namn saman med byen, til Tver oblast.

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff endre